Norsk mjølkegeit

Frå Alnakka.net
(Omdirigert frå Norsk mjølkgeit)
Norsk mjølkegeit under Dyregod-daganeBatnfjordsøra.
Olve Utne (2012)

Norsk mjølkegeit (bm./nyn. n. mjølkegeit, bm. n. melkegeit, n. melkegjet; sv. norsk mjölkget; da. norsk mælkeged) er ein nyare samlerase for dei tidlegare norske mjølkgeitrasane. Opphavsrasane var først og fremst telemarksgeit (finbygd, kvit, oftast kolla), dølageit, vestlandsgeit og nordlandsgeit, og i tillegg noko innslag av saanengeit. Rasane vart ikkje offisielt ihopslegne føre tidleg i 1990-åra, og den norske mjølkgeita varierer enno mykje i størrelse og utsjånad. Både bukkane og geiterne kan vara horna eller kolla.