Norsk Maritimt Museum

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 17. mai 2020 kl. 00:32 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

Mal:Koord ramme

Bygdøynes i april 2011, med NMM (hovudbygninga og båthallen) til venstre, Frammuseet i midten og litt av Kon-Tiki Museet lengst til høgre.
Foto:Olve Utne

Norsk Maritimt Museum, tidlegare (1914–2009) Norsk Sjøfartsmuseum, er eit nasjonalt museum for sjøfart og andre historiske og notidige aktivitetar tilknytt saltvatn og ferskvatn i Norge. I tillegg har museet marinarkeologisk kompetanse; og dei har forvaltningsansvar for kulturminne under vatn i alle fylka på Austlandet og Sørlandet.

Norsk Sjøfartsmuseum vart stifta i 1914 og tok over mange av gjenstandane frå Norges Jubileumsutstilling 1914, som vart halden i Frognerparken frå 15. mai til 11. oktober. Dei første åra vart gjenstandane lagra, men frå 1929 fikk museet disponere utstillingslokale ved Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Dei novarande lokala rett sørom Frammuseet (1935– ) og Kon-Tiki Museet (1950– ) på Bygdøynes vart nyoppført for Sjøfartsmuseet. Bygningane vart påbegynt etter andre verdskrigen, og i 1960 flytta museet inn. Siste byggetrinnet vart fullført i 1974.

Museet bytta namn til Norsk Maritimt Museum den 1. januar 2010.

Kjeldor