Norsk Allkunnebok

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 15. april 2020 kl. 08:41 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{utav}}» til «av»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Norsk Allkunnebok er eit 10-bands nynorsk leksikon som vart utgjeve på Fonna Forlag i tida frå 1948 til 1966. I tillegg kom det ut eit eige atlasband.

Redaktør for verket var Arnulv Sudmann. I redaksjonen elles satt Peder Galdal, Sivert Langholm, Kåre Tveito, Ragnar Øvrelid og Jostein Øvrelid. I alt bidrog kring 350 medarbeidarar med artiklar til allkunneboka. Norsk Allkunnebok var det første norske leksikonet som vart utgjeve med signerte artiklar, der forfattaren står til ansvar for opplysningane.

Redaksjonen la vekt på å skildre norske forhold gjenom å dra fram nytt tilfang frå bygdakunst og bygdahistorie, arbeidsliv på bygdene, folkeliv og folkeminnegransking. Av næringsvegar la de særlig vekt på å få med stoff om bygdanæringar som jordbruk, skogbruk og fiske. Innaför norsk geografi har verket med alle norske poststader, dampskipstoppestader, telegrafstasjonar, kirkjesokn, kommunar og byar; det har opplysningar om fjordar, elvar, fossar, fjell, dalar, øyar og storgardar.

Arbeidet med allkunneboka var eit nybrottsarbeid; på mange område måtte redaksjonen finne fram til nynorsk terminologi der det var heilt orydda mark. Etter kvart fikk forlaget økonomiske problem, noko som gjorde at særlig de to siste banda vart skadelidande.

Inndeling av banda

Leksikonet er oppdatert fram mot trykkjedatoen, som er trykt på kvart legg til orientering for lesarane. Inndelinga av banda er slik:

I. bandet: A – Bennett, trykt 21.6.1948 – 17.10.1949
II. bandet: Bennett, W.S.Clodius, trykt 17.11.1949 – 25.5.1951
III. bandet: Cloisonnéepigonane, trykt 22.6.1951 – 4.6.1952
IV. bandet: epigrafikkFyresdal, trykt frå 8.8.1952 – 22.7.1953
V. bandet: Fyresdalenheimearb., trykt frå 17.11.1953 – 17.8.1954
VI. bandet: Heimebr.Jondal, trykt frå 15.12.1954 – 10.10.1955
VII. bandet: JondalenLausitz, trykt frå 17.1.1956 – 11.3.1957
VIII. bandet: lauskarNorheimsund, trykt frå 1.8.1957 – 6.5.1958
IX. bandet: Norigskuld, trykt frå 12.01.1959 – 23.2.1960
X. bandet: SkuldÅvik, trykt frå 15.12.1964 – 27.6.1966
Atlasband


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Norsk Allkunnebok» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.