Nordmørsk syntaks

Frå Alnakka.net
NORDMØRING

fonologi (lydlære)
morfologi (formlære)
syntaks (setningslære)

ORDBOK

 A · B · C · D · E · F · G 
 H · I · J · K · L · M · N 
 O · P · R · S · T · U · V 
 Y · Æ · Ö · Ø · Å 

Kasus

Nominativ

Subjektet (den som utfører handlinga) står i nominativ: såg hästn. Färjå va full av ängelskmenn. Föggełn vart néskotinn.

I eit enkelt fall — ved verbet lätt — kan eit verb ta tilsynelatande nominativsobjekt: Lätt é få jära-ðí. Lätt ga’ng føst, nó! I litterær samanheng er dette bruka av Hans Hyldbakk: Læt e få høgg åv ne rota. Det er verdt å merke seg at detta tilsynelatande nominativsobjektet berre blir bruka i trykksterk form og aldri enklitisk. Derfor kan det vara naturlig å forklara dette særfallet slik: Pronomenet fungerer ikkje som objekt til det föregåande verbet, men som subjekt til det følgjande verbet. Ordet læt uttrykkjer berre eit ønskje om at det som følgjer skal hende: Lat (det bli slik at) eg (får) hogge av denna rota. For denna forklaringa talar den kortare måten å uttrykkje det samma på: É få högg-tå na róta!

Eitt fall med definitiv samenblanding av nominativ og akkusativ finst i kristiansundsdialekten, der det er vanleg å seie ä o dä (‘eg og du’). I dette fallet blir nok akkusativen bruka av eufoniske årsaker: Akkusativforma dä' rimar med nominativen ä.

Akkusativ

Vokativ

Det finst ein tendens til å gje rop og tiltaleord fallande tonar på nordmøring. Eilert Moe nemner former som Fā´’r, Mō´’r, Ōł`ā´’.

Den samma tendensen ligg truleg til grunn for fallande tone (tonem 1 i fleirstavingsord) i interjeksjonar som Hä’rre! Gú’rí!

Lokketonen («gauketonen») ein ofte brukar i roping på nånn har ikkje noko med tonem eller kasus å gjera.

Dativ

Genitiv

Eksempelsetningar til seinare bruk

  • D’é-kje påðæmtrøkt. (haurt i Kristiansund i 2008) (‘Det [nummeret] er ikkje trykt på dem [korta].’)
  • D’é-nå hæstn så trækkdýre va! (‘Det var no hesten som var trekkdyret!’)
  • E-ði uppstått? (vanl.) (‘Har de stått opp [av senga enno]?’)
  • Hann e neattfǫrinn av fjilla. (‘Han har fore ned frå fjellet att.’)