Nordmøring

Frå Alnakka.net
Denna sida handlar om språkforma nordmøring. For folk frå Nordmør, sjå «Nordmøringar».

NORDMØRING

fonologi (lydlære)
morfologi (formlære)
syntaks (setningslære)

ORDBOK

 A · B · C · D · E · F · G 
 H · I · J · K · L · M · N 
 O · P · R · S · T · U · V 
 Y · Æ · Ö · Ø · Å 

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av skandinavisk som blir tala på Nordmør, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i mestparten av Hemne og Snillfjord kommunar i Fosen. Nordmørsdialekten, som i lag med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trønder, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, olik böying av sterke og svake hokjønsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, mest i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dem som er fødd etter kring 1970). Trekk som varierer mykje mellom de olike underdialektane på Nordmør er tjukk l av historisk (berre ytre Nordmør), monoftongisering i innlyd (ikkje sunndaling, sunndalsøramål, kristiansunder og hemnværing), behandling av korte trykksterke stavingar (delvis haldne som kortstavingar i eldre mål frå Eidsøra til innersida av Tustna og i Rindalen; stort sett forlenging av konsonanten dei fleste plassane; og mest forlenging av vokalen i sunndaling).

Fonologi (lydlære)

  Fremre Midtre Bakre
Høg i    y ú u = ó
Halvhøg e ø o = å
Halvlåg æ ö
Låg ä a


Trykksterke vokalar

Historisk korte vokalar

Omlyd

Det er ofte u-omlyd i sterke hokjønsord:

æi tropp, æi soks (norr. sǫx)

U-omlyd manglar i mange ord i alle fall nån plassar:

æn trast (norr. þrǫstr), æi asp (norr. ǫsp)
Jamning

Det finst mange eksempel på tiljamning og ein del eksempel på utjamning i dialekten.

Ord som ofte manglar heilt jamning eller som har fått jamninga reversert inkluderer:

æi vikko (norr. viku), å leva (norr. liva), æn summar (norr. sumarr)

Ord med tiljamning inkluderer:

å vät(t)a (norr. vita), ha les(s)e (norr. lesit), ɛi vøkkú (norr. viku)

Ord med utjamning inkluderer:

å vara (norr. vera), å mak(k)a (norr. moka), å lav(v)a (norr. lofa), å bara (norr. bora), æi foro (norr. furu A), æn nava (norr. hnefa A)

Historiske lange vokalar

Norrøn æ og é har falle samen til ndm. é føre kort konsonant:

séter (av sætr), lérar (av lærari)

Före lang konsonant òg har æ falle samen med é, men den resulterande vokalen kan i ein del fall vara opna att:

létt (av léttr), slétt (av slætt)

men

rätt (av réttr), ätt (av ætt)

Historiske diftongar

Alle variantar av nordmøring har monoftongering av norrønt ey til ǿ føre r:

ǿr (norr. eyr), ǿ’r (norr. eyri), hǿ’r (norr. heyra), kjǿ’r (norr. keyra), rǿr (norr. reyrr)

Dette er likt med andre trøndske dialektar med unntak av namdaling. Namdaling og romsdaling beheld diftongen i dessa orda.


Framføre m er det varierande monoftongeringstendensar olike plassar i området.


I tillegg er det monoftongering av au til ǿ i mange enkeltord:

lǿk (norr. laukr), brǿ (norr. brauð), kjǿ’p (norr. kaupa)
Ei og ey

Hovudtendensen i nordmørsdialekten er at norrønt ei og ey er monoftongert til æ og ö framföre novarande konsonant:

stæn (norr. steinn), bæt (norr. beit); fłöte (norr. fleyti)

Detta gjeld òg ved synkoperte former:

sæ’n (norr. seiðinn); ö’n (norr. eyinni)

Plassar som ikkje har monoftongering i desse falla inkluderer Sunndalen i søraust og Hemne og Snillfjord kommunar i nordaust. Austgrensa for monoftongeringa ved Vinjefjorden går i nærheita av Vinjeøra. Bymålet i Kristiansund manglar òg monoftongering.

Au

Trykklette vokalar

Trykklett -u/-o er bevart som ú/u/ó/o (varierer etter underdialekt og fonologiske forhold) före konsonant, og dessutan i vokalutlyd i mange ord med kort rotstaving. I enkelte ord kan det vara opning til a — særleg i ytre strøk. Kristiansunder har stort sett full opning til -a i alle o-endingar, på samma vis som vi finn det i fosning og trondheimsdialekt.

Infinitiv

Nordmørsdialekten har kløyvd infinitiv som i grove trekk følgjer jamvektsregelen. Det finst mange unntak, inkludert a-infinitiv i overvektsord som å dätta, å finna (LeiråTustna) m.fl.

Nemneform av substantiv

  • æn bakka, æn nakka, æn haga, æn bät(t)a, æn dunga, æn slea, æn stäga
  • æn hare, æn pos(s)e, æn skare, æn nase, æn ungje
  • æi vikko/vekko/väkko/vekku/vøkku
  • æi stillo
  • æi ka’k, æi ga’t

Bindevokal

Samensette ord har oftast historisk genitivsending i første ledd. I svake hann- og hokjønsord, der den historiske endinga var (utlydande) -a eller -u/-o, inneber detta at bindevokalen er akopopert i jamvektsord:

Kort rotstaving: kjaka|bæn, slea|fylling, fjøro|stæn, løo|gołv.
Lang rotstaving: låv|kłopp, skúł|tíme, grýt|skåp, tynn|stav.

Ved historisk utlydande -ar var a-en dekt av konsonanten, og a-en vart dermed ståande oavhengig av lengda på rotstavinga:

bygdabók, björkaskóg

Konsonantar

Uttrykk

  • Te lø’kk me jú’łn! (‘God jul!’, ‘Til lykke med jula!’)
  • Løkko té! (‘Lykke til!’)

Viktige underdialektar

  • Kristiansundsdialekt — eit typisk bymål med sterke trekk frå fosenmålet. Dativ manglar, diftongane ei/øy/au er i all hovudsak bevarte; svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
  • Sunndalsøramål (øramål) — eit typisk tettstadmål der dativ manglar, diftongane ei/øy/au er tydelege og ikkje monoftongiserte, og svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
  • Sunndaling (sunndalsdialekt, sunndalsmål) —
  • Rindaling (rindalsdialekt, rindalsmål) — danar ein overgang til inntrøndsk. Svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
  • Aurgjelding (auredialekt, auremål)
  • Hemnværing (hemnedialekt, hemnemål)

Ordtilfang

Litteratur

  • Almberg, Jørn: Cirkumfleks på Ålvundeid : ei studie over tre generasjonar. Rapport i emnet FON6: feltarbeid ved Lingvistisk institutt, Univ. i Trondheim, h. 1991.
  • Grip, Olav: Målet i Aure. Hovedoppgave, Universitetet i Oslo, 1945?. [1]
  • Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : bygde- og sentrumsmål : med hovedvekt på lyd- og formverk. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Trondheim, 1982 II. (314 bl. : kart.) [2]
  • Jenstad, Tor Erik: Eit nytt sentrumsmål veks fram : drag frå talemålet til ungdom på Sunndalsøra. (Skrifter / Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim ; 5.) Trondheim (Tapir), 1983. (112 s.; bibliografi) ISBN 82-519-0588-5 [3]
  • Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : eit grensemål på indre Nordmøre. (Norske studiar ; 4) Oslo (Novus), 1985. (308 s.) ISBN 82-7099-110-4 [4]
  • Magerøy, Nils M.H.: Olvundeid-målet : ein amatørstudie. (Skrifter frå Norsk Målførearkiv; XVI) [Oslo] (Universitetsforlaget), 1960.
  • Moe, Eilert: Ei lita utgreiding um stavingsdeling i Rindalsmaale : serleg um deling paa vokal. (Kristiania Videnskapselskaps Forhandlinger ; 1914:2.) Kristiania : Dybwad, 1915. (43 s.) (BIBSYS)
  • Moe, Eilert: Tonelagstilhøve i rindalsk : med umtale av nokre eksperimentale freistnader på Det fonetiske institutt. (Kristiania Videnskapsselskaps Forhandlinger ; 1922:1 Opuscula phonetica Instituti phonetici Universitatis Regiae Fredericianae ; 1.) Kristiania (Dybwad), 1923. (67 s. : ill.) [5]
  • Moe, Eilert: Todalsmålet (Nordmøre) / ved Eilert Mo. (Norske målføre ; 6.) Oslo (Studentmållaget), 1922. (35 s.) [6]
  • Tranøy, Betuel Sofus: Fra syntaksen i Smølamålet [manuskript]. Hovedoppgave - Det Kongelige Frederiks universitet, 1925. [7]

Pekarar