Nordmøre spelmannslag

Frå Alnakka.net
Nordmøre spelmannslag under ei øving på Halsa skule i 2003.
Foto:Nils Tore Leivdal

Nordmøre spelmannslag, i ein periode kalla Nordmøre spel- og dansarlag, er ei folkemusikk- og folkedansgruppe med medlemmar frå heile Nordmør.

Historie

Nordmøre spelmannslag vart stifta den 27. februar 1932 i Kristiansund på initiativ frå Sigurd Øverås. Laget vart omstrukturert og formelt oppattstifta i 2004 under namnet Nordmøre spel- og dansarlag, men i 2009 vart gamlenamnet teke inn att. Det er eit uttrykt mål å ta vare på og bringe vidare spel-, song- og dansetradisjonane på Nordmør. Novarande ledar er Magnar Almberg frå Rindal og musikalsk ledar er Helge Husby frå Tingvoll.

Dansarane frå Nordmøre spel- og dansarlag på konsert og framsyning på Åkerfallet i Tingvoll den 13. juni 2004. Jorunn Marie Rypdal Kvernberg, Tor Erik Jenstad og Helge Husby spelar. (Foto: Tomas Knudsen.)

Pekarar