Nordlandshest

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Ein lyngshest eller nordlandshest

Nordlandshest eller lyngshest er ein hesterase frå Nord-Norge. Nordlandshesten blir rekna som ein stor ponni. Mankehøgda er kring 130–140 cm. Fargen er vanlegvis brun, svartbrun, raud eller noko gråskimmel. Hovudbruken av nordlandshestar er som ridehest og lett trekkdyr.

Historie

Nordlandshesten har anane sine frå dei småe vikinghestane og er ein sterk og nøysam hest med gode bein og hovar. Han vart sett til arbeid på garden eller i utmarka og var vant til å jobbe hardt. Desse hestane var aldri i hus og fikk ikkje tilskott av kjøpfôr slik det er vanleg i dag. Dei måtte skaffe seg mat sjølv i inn- og utmark. Dei åt det meste dei kom over av grønt.

I 1930 var rasen utryddingstruga, og det vart igangsett organisert al. Rasen vart mesta utrydda under andre verdskrigen, da berre eit fåtal hestar overlevde dei siste krigsåra. Dei seinare åra har rasen vorte meir populær over heile Norge. Da traktoren tok over i gardsarbeidet i 1960-åra, var situasjonen framleis ikkje bra for nordlandshesten. Det var stadig færre som heldt hest, og mange gode genar gikk tapt.

Rasen vart kalla lyngshest fram til 1968, men frå da av er namnet nordlandshest vorte vanlegare. I dag er det kring 3 000 nordlandshestar i Norge, og det blir årlig fødd kring 200 fol.

Nordlandshest med fol på TustnaNordmør.
Foto:Olve Utne

Dagens hestar

Dagens hestar har svært gode kjøre- og rideeigenskapar. Nordlandshesten er ein god førstegongshest som eignar seg i alle ridegreiner. Han har eit fint og rolig gemytt, men kan vara noko sta til tider. Hesten er noko större enn islandshesten og har ei meir rektangulær kroppsform — typisk for arbeidshestar. Det er mykje fargevariasjon i rasen, og dei fleste fargone er godkjent — anna enn blakk (som fjordingen).


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Lyngshest» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.