Neve Şalom-synagogen i Istanbul

Frå Alnakka.net
Inni Neve Şalom-synagogen.
Foto:Aussieturk79

Neve Şalom-synagogen (hebr. נְוֶה שָׁלוֹם [nə'vē šā'lōm], ‘fredslunden’; tyrkisk Neve Şalom Sinagogu) i Istanbul er ein sefardisk synagoge i Beyoğlu-distriktet i Istanbul i Tyrkia.

Etter at den jødiske befolkninga i dei gamle Pera- og Galata-distrikta (i dag ihopslegne under namnet Beyoğlu-distriktet) vaks frå slutten av 1930-åra, vart ein jødisk barneskule reven i 1949 for å byggje ein ny synagoge, og den synagogen stod ferdig i 1951. Arkitektane Elyo Ventura og Bernar Motola, to unge tyrkiske jødar, stod for utforminga av synagogen. Vigslinga fann stad med den davarande tyrkiske overrabbinaren Rafael Saban til stades på søndag den 25. mars 1951 — som svarar til 17. adár II år 5711 etter jødisk tidsrekning.

Neve Şalom er den største sefardiske synagogen i Istanbul og held gudstjenestor hovudsakleg på sjabbát, dei høge helgedagane og i samband med bar miṣvá-feiringar, gravferder og bryllaup.

Terroråtak

Neve Şalom-synagogen har vorte utsett for tre terroråtak:

  1. 6. september 1986 - 22 menneske drepne; truleg utført av Abu Nidal.
  2. 1. mars 1992 - handgranatangrep, ingen drepne; truleg utført av den tyrkiske greina av Hizbollah.
  3. 15. november 2003 - kring 15 menneske drepne.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Neve Shalom-synagogen» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.

Mal:Q1