Nelliktre

Frå Alnakka.net
“Nellik” omdirigerer hit. For blomstrar av slekta Dianthus, sjå nellikar.

Nellikspikar
Foto:DO’Neil

Nelliktre (lat. Syzygium aromaticum, Eugenia caryophyllata o.a.) er eit opptil 12–15 meter høgt eviggrønt tre av myrtefamilien som opprinneleg stammar frå Indonesia. Dei omodne blomsterknoppane frå nelliktreet blir tørka og bruka som krydder. Krydderet er kjent under fleire namn, som f.eks. kryddnellik, kryddenellik, kryddernellik, nellikspikar eller rett og slett nellik.

Om ordet nellik

Sjølve ordet nellik er eit lån frå tysk Nelke, som i sin tur er ei samandraging av (Gewúrz-)Negelken, ‘(krydder-)negl’. På nederlandsk er dette sambandet òg tydeleg, med namnet «kruidnagel», eller ‘kryddernegl’. Den engelske nemninga «clove» er lånt frå fransk «clou», ‘negl’. Det er ovisst, men relativt truleg, at kryddernemninga צִפּוֹרֶן [ṣippōren] med opprinneleg tyding ‘negl’ eller ‘klo’ som er bruka om eit av kryddera i tempelrøykjelsen, (2. mos. 30:34; Talmúd Jerusjalmí, Jomá IV:5 (23a); Talmúd Bablí, Keritót 6a) står for nellik. Dette synet er blant anna framsett av Moses Mendelssohn i kommentaren hans til 2. mos. 30:34. Rashi hevda derimot at «ṣippōren» var ei urterot som er «slett og gjennomsiktig som ein fingernegl».

Botanikk

Dyrking

Opphavslandet Indonesia er framleis viktig som nellikdyrkar, men Madagaskar er vorte eit like viktig opphavsland. Dei produserer òg nellik på Zanzibar, Sri Lanka, Molukkane og i India.

Bruk

Krydder

Både heil og malen nellikspikar kan brukast i matlaging, men dei gjev ein sterk smak og bør brukast med måte. Krydderet blir bruka over heile verda, men medan det helst blir brukt til baking i Noreg, er det vanleg som middagskrydder i indisk matlaging. I det indiske kjøkenet er nellik i tillegg ein viktig ingrediens i masala tjay (indisk krydderte).

Olje

Røyking

I Indonesia blir nellik bruka i sigarettar, såkalla kretek.

Anna

Latinske namn

Nelliktreet går under mange olike latinske namn:

  • Eugenia caryophyllata
  • Eugenia caryophyllus
  • Eugenia aromatica
  • Caryophyllus aromaticus
  • Jambosa caryophyllus
  • Myrtus caryophyllatus
  • Syzygium aromaticum (stundom skrive Sizygium aromaticum eller Syzigium aromaticum)

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Nelliktre» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.

Mal:Google 1