Nautisk mil

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 31. mars 2020 kl. 20:05 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<onlyinclude>Ei '''nautisk mil''' (= 1 bogaminutt), forkorta '''nm''', tidligare òg kalla ''kvartmil'', er eit lengdemål som blir bruka til sjøs, i lufta og i meteo…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ei nautisk mil (= 1 bogaminutt), forkorta nm, tidligare òg kalla kvartmil, er eit lengdemål som blir bruka til sjøs, i lufta og i meteorologi. Ei nautisk mil er 1 852 meter, som òg er omtrentlig lengd på eit breiddeminutt.Ei nautisk mil blir underdelt i ti kabellengder på 185,2 meter. I tidligare tider svara ei nautisk mil, òg kalla kvartmil, til ¼ sjømil. (Lystseglarar brukar ofte feilaktig ordet sjømil for nautiske mil.)

Den nautiske mila vart opprinnelig utrekna ved at jorda sin omkrets over polane, 40 007 863 meter, vart delt på gradtalet (360), og deretter på 60 (minutt), noko som ville gje 1 852,216 meter; men ei nautisk mil er definert til 1 852 meter.

Sjå òg


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Nautisk mil» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.