Nappakrok
Frå Alnakka.net
«Nappakrok» i ordlista | |
|
Ein nappakrok eller ein høytjyv (nyn./bm. høytjuv, bm. høytyv) er ein harpunliknande redskap som blir bruka til å nappe ut høy frå hardtrappa høystål. Høyet skulle nappast ut slik at kanten av høyet stod som ein loddrett vegg. Dermed kunne ein følgje med forbruket utover vinteren. På midtvintersdagen (12. januar (somme sa den 16.)) skulle ikkje meir enn halvparten av høyet vara oppbruka.