Muærrkejávvre

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 18:21 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{o}}» til «o»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Muærrkejávvre
Stad Fauske kommune
Koordinatar 67°4′15″ N 16°19′48″ Ø
Overflateareal 5,94
Kystlengd1 18,01
Høgd over havet 712
1 Kystlengd er eit onøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denna artikkelen.

Muærrkejávvre (Mal:Pite.) eller Muæŧŧkejávvre (Mal:Pite.), kalla Eidevatnetnorsk, er eit vatn rett søraust for Låmejávvre (Låmivatnet) i Fauske kommune i Salten. På kart er namnet ofte skreve som nordsamisk Muotkejávri. Namnet kjem av pitesamisk muæŧŧke/muærrke (‘eid, drageid’) , og jávvre (‘vatn, innsjø’). Namnet kjem truleg av at det er eit langt og smalt eid som skil Muærrkejávvre frå nabovatnet Låmejávvre i nordvest. Langs sørvestbredda av Muærrkejávrre ligg fjellet Vássjávárre, med toppen Vássjátjåhkkå i vest. Langs nordaustbredda ligg fjellet Lájjrovárre, med toppen Lájjro (1135 moh.) rett over grensa til Arjeplogs kommun i Sverige i aust. Ved den sørlegaste vika av vatnet ligg den obetjente turisthytta Muorkihytta (el. Muotkehytta), og rett austom der att er det eit smalt eid mellom Muærrkejávvre og den litle tjønna Luobbal som ligg på riksgrensa. Forbi Muorkihytta og Luobbal går det merkt stig ned imot Pieskehaure og langsmed vatnet austover, så vel som sørover til Mávas.

Skrivemåtar

Samisk

  • Muor’kē-jaw’rē (Qvigstad, J.: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo : Instituttet for sammenlignende kulturforskning; Aschehoug, 1938.)
  • Muotkijávri (Statens Kartverk (avslege 1987); Mal:Saltfjellkartet 2008)
  • Muorkkejávrre (lulesamisk, Statens Kartverk (1987))
  • Muærrkejávvre (pitesamisk)

Norsk

  • Eidevatnet (Statens Kartverk, godkjent 1980)

Sjå òg

Pekarar