Musikklivet på Nordmør

Frå Alnakka.net

Instrumentalmusikk

Instrumenta som vi veit har vore bruka i eldre tid på Nordmør er: fele (tyskfę’l = vanleg fiolin), klarinett (kḷanét) (truleg frå 1840-åra), seljefløyte, munnharpe, trommor og rikkelstikkor (eit slags kastanjett-liknande instrument). Dessutan har truleg langeleiken vore bruka her tidlegare. Utover 1800-talet kom andre instrument inn: psalmodikon (salmónikón el. salmeikó), gitar, harpeleiksither og trekkspel. Først på 1900-talet kom òg hardingfela inn, og ho kom til å dominere folkemusikken på Nordmør i nokre tiår før den vanlege fela fikk overtaket att.

Instrumentbygging

Den viktigaste felebyggjaren i eldre tid var Lars Hoem (1782–18??). Etter tradisjonen skal han ha lært å byggje felor av ein franskmann ombord i fangeskipa i Plymouth i åra 18091814. Felone etter Lars Hoem er av barokk type, med smekker bassbjelke, halsen lagt nokolunde parallelt med lokket, noko kort mensur og kort og lett gripebrett i kileform. Han laga òg gitarar, og dessutan finst det ein feleboga han har laga. Denna bogan, som no tilhører Herman Aasgaard i Kristiansund, er av typisk overgangstype, slik bogane vart bygd på andre halvpart av 1700-talet på kontinentet.

Fjølfela etter Johannes Berven sett frå sida. Legg merke til kor tjukke lokket og botnen er. Sargen (sida) er saga utur éi fjøl.
Foto: Olve Utne

Frå 1900-talet har det vore fleire felemakarar på Nordmør, men dessa felemakarane har stort sett bygd hardingfelor eller standardfiolinar av moderne type. I tillegg til det vanlege felemakeriet veit vi at det har vore vanleg mange stader å laga seg «fjølfelor» — provisoriske felor med varierande form og kvalitet for unge utøvarar som ikkje var gamle nok, eller som kom frå for fattige kår, til å skaffe seg rettelig fele.

Av andre instrument veit vi at det har vore bygd klarinettar på Nordmør i eldre tid, og nokre få av dessa er bevart.

Felespel

Så tidleg som dei første åra på 1600-talet kjenner vi til ein felespelmann på Nordmør: Hallvard Flå var brukar på Flå i Øksendalen frå 1600 til 1637. Han var bondelensmann og «en dreven violinspiller». At han må ha vore god er det rimelig å tru, ettersom han vart henta frå Øksendalen til Trondheim for å spela i bryllaup for rikfolk der.

Ein av de viktigaste spelmennene på Nordmør på 1800-talet var Gottfried Hans Fabian von Eppingen (18301888). Han var av delvis tysk avstamming, men var fødd og oppvaksen i Sunndalen. Han var to år i Sverige, og det blir sagt at han reiste med eit sirkus der. Han hadde ein spesiell teknikk, og visse måtar å spela på blir i Sunndalen gjerne kalla «gottfrítspęl»:

  • Posisjonsspel — vanlegvis 3. posisjon.
  • Dobbeltgrep — gjerne i kombinasjon med posisjonsspel.
  • Dessutan blir gjerne ein spesiell type strøk tillagt Gottfried: I vals og i springar blir takter med åttandedelsunderdeling ofte spela på det viset at ein dreg samen tre og tre åttandedelar.

Som eksempel på posisjonsgrep og dobbeltgrep i Gottfried-tradisjon kjem her siste del av ein såkalla Gottfried-vals nedskreven av sunndalsspelmannen Erik Almhjell:

Bilde.jpg

Ola Kvande (18341918), eller «Gråvinn», frå Stangvik skal gjeve denna skildringa av Gottfried:

Dei andre spelemennene spelar no ikkje i meir enn to–tre durar, men han Gottfred spelar i tvidur og obligadur og alle dei durar som tenkjast kan. Han får fram fine og granne tonar på grovstrengjom. I tvidur spelar han så fint, at du høyrer ikkje ein falsk tone. Han Gottfred må ein kalle for ein fiolinist!

Detta smakar sterkt av europeisk klassisk musikk, og det kan vel vara grunn til å tru at Gottfried lærte, eller i alle fall perfeksjonerte, ein del av detta da han var i Sverige.

Ein annan ting som særprega mykje av det gamle nordmørsspelet, var bogateknikken: Mange spelmenn, blant dem Erik Almhjell (18811963), bruka helst låg alboga på bogahanda — såkalla svanehalsteknikk — når de spela. Det blir sagt at ein del av de gamle spelmennene meinte ein skulle øve med ei bok under høgrearma. “Bauann ska hę’ng i fingro,” vart det gjerne sagt. Alt dette var typisk for den tyske fiolinskulen på 1800-talet.

Samtidig kan ein høre på gamle opptak, og dessutan av ein del spelmenn i dag, at intonasjonen heilt klart ikkje stemmer med dette i de gamle slåttane. I nyare valsar, pariserar og liknande musikk er intonasjonen gjerne meir i samsvar med den klassiske musikken på 1800-talet, med si vakling mellom det reinstemte og det likesvevande tempererte. I opptaka med to aurgjeldingar, hardingfelespelmannen Peder Tevik (18931965) og dotra Ellen, som spela harpeleiksither, er det interessant å merke seg stemminga av sitheren. Han er stemt konsekvent med reinstemte durakkordar — til og med til slåttar som går i moll! Dissonansar blir unngått med hjölp av harmoniske progresjonar som ligg langt utaföre enkel funksjonsharmonikk.

Notekunnskapar

Den notekunnige felespelmannen Johannes Olson Valen (ca 18201909), òg kjent som «Espvik-Sanden». (Foto: John Danielsen Bergfall (18221901)

Notekunnskapar var slett ikkje ovanleg blant spelmennene på Nordmør.

Særleg utbreidd var notekunnskapane blant spelmenn frå Aure med tilgrensande bygder. Blant dessa bør nemnast: Johannes Olsen Valen, «Espvik-Sanden» (ca 1820–1909), Jon Danielsen Bergfall, «Jo Krokja» (1822–1901), Ola Nilssen Breckan, «Brekk-guten» (1827– ? ), Anders Romundset (1840–1896) og Peder Tevik (1893–1965).

Men òg andre stader på Nordmør fanst det spelmenn som kunne notar: Jon Istad (1842–1875) frå Batnfjorden, Ole Olsen Slatlem (1847–1902) og Svein Slatlem (1851–1927) frå Kornstad, Jo(n) Toreson Polden (1864–1955) frå Surnadal/Stangvik, Alexander Brandvik (1872–1955) og Kristen Brandvik frå Bergsøya i Gjemnes kommune, Iver Rasmussen Eide (1874–1951) frå Eide, Tørris Hasselø (1874–1954) frå Averøya, Erik Almhjell (1881–1963) frå Sunndalen, Ola Kallset (1895– ? ) frå Bøfjorden, seinare busett i Torjulvågen, Sæmund E. Kanestrøm (18??–19??) frå Straumsnes, seinare busett i Halsa.

Mange av de gamle spelmennene hadde meir eller mindre bakgrunn frå militærmusikken, og mang ein felespelmann var det som òg var tambur eller messingblåsar. Mange har nok fått notekunnskapane sine der, ein del har lært seg notar sjølve, og ein del har lært notar av andre spelmenn.

Ensemblespel

På 1800-talet var det ikkje ovanleg å spela fleire i lag. Normalt var det snakk om småe ensemble på 2–4 musikarar. Instrumenta var vanlegvis felor, men det kunne òg vara med ein klarinett eller eit trekkspel. Vi kjenner til ein del eksempel frå slutten av 1800-talet og framover på samspel mellom fele og sither. Det vanlegaste var likevel samspel mellom to felor — enten unisont eller i olike polyfone teknikkar som «grovt og grant» (oktavdobling), ters- og sekstparallellar eller noko friare stemmeføring.

Først på 1900-talet vaks det fram spelmannslag, musikklag og messingensemble i mange bygder.

Vokalmusikk

På samma viset som spelmennene fördelte seg utover eit breidt spekter frå sjølvlært grovspeling til husbruk over profesjonelt folkemusikkspel basert på muntlig tradisjon og notar til rein salongmusikk, fördelte songarane seg over eit vidt spekter: «Alle» song i ein eller annan samenheng, men nånn song meir enn andre. Blant dem som song mykje, var det de som song bansullar og skillingsvisor ått borna og seg sjølve.

De som var på setra dreiv med «kringelhauking» eller «krullhauking» — signalmelodiar til bruk ute i naturen, utført med ein spesiell, nærmast koloraturaktig syngemåte i høgt leie. Fred Ola Bjørnstad har i si hovudoppgåve om kringelhauk og trall stilt opp dette oversynet over funksjon:

Informantene mine kunne altså fortelle at kringelhauk ble brukt til å

  • oppnå kontakt
  • varsku at en så hverandre
  • markere at en hadde kommet til en bestemt plass
  • markere at en kjent og vanskelig plass var passért med dyra

og at kringelhauk hadde funksjon som

  • personmerke
  • gardsmerke
  • skille mellom dem som ble regnet blant dem som kunne synge eller ikke
  • gledesytring
  • markering av dagens begynnelse og slutt

Vi kan altså se på kringelhauk som et signal med en klar hensikt eller med et mer ubevisst og diffust siktemål.

Ei anna songform var «tralling» eller «tralláting» (slåttetralling). Denna songforma kan skildrast som dansemusikk utført med song på lingvistisk sett ikkje tydingsberande stavingar, f.eks. “Dei di-dl-i dei, dei di-dl-i dei, dei di-tl i-ti rei-a” eller “Tra-de, lu lad-du liu, re lad-du re-da, ri lad-du reu, rei red-du re-u”. Denna trallinga kunne ha olike funksjonar:

  1. Å leite fram ein slått frå minnet.
  2. Å tralle ein slått som underhaldning — til heimebruk eller i större eller mindre lag.
  3. Som musikk til dans.

De religiøse tonane (religiøse visor, salmar, koralar) stod i ei stilling for seg: De kunne framførast av fleire som menigheitssong, allsong på religiøse møte og tilstelningar eller familiesong; eller de kunne framførast av eitt menneske: Ein kirkjesongar, emissær eller eit «vanleg» menneske med musikalske evnar. Framføringsstaden kunne vara i kirkje eller församlingshus, i skulen, heime i stua eller kjøkenet, ute i naturen eller i fjøsen.

Tidlegare ser det ut til at songane vart framført utan instrument, men etterkvart kom kirkjeorgelet og psalmodikonen. inn. Til ein viss grad kunne nok òg fela og gitaren bli bruka, særlig på vekkjelsesmøte og i heimane.

Notekunnskapar ser det ut til å ha vore mindre av blant dem som berre song enn de som spela eit instrument òg.

I løpet av 1800-talet vart korsongen meir og meir utbreidd. Ledarane for dessa kora var gjerne lærarar eller notekunnige spelmenn.

Klassisk musikk eller folkemusikk?

Den einaste byen på Nordmør, Kristiansund, har hatt eit relativt sterkt miljø for klassisk musikk i alle fall sidan først på 1800-talet, da blant andre familien Moses (innvandra frå England på slutten av 1700-talet) markerte seg sterkt med sin kammermusikk. Det følgjande sitatet frå dagboksnotatar skrevne av Richard Catewook under eit ofrivillig opphald i Kristiansund i 1815 (kutteren han segla med var på veg frå Amerika til Gibraltar, men bomma noko på retninga), skulle gje eit visst inntrykk av forholda blant de betre stilte i Kristiansund på den tida:

30. [april 1815.] […] da jeg følte meg bedre om kvelden, gikk jeg på besøk og traff familien i sommerhuset i hagen, hvor de moret seg med musikk, instrumental og sang. Lassen (kirkeorganisten) spilte harpe, Thos. Moses fløyte, Isaac Moses violin, og de unge damene akkompagnerte med sang. Te ble servert og budt rundt av Miss Betsy. […] Etter teen gikk vi inn i huset. Betsy spilte yndig på pianoet, mange engelske melodier som er meg kjent og mange norske som jeg likte også. Hennes teknikk var fremragende og minnet meg straks om andre tider og steder! […]

Da bordet var ryddet, satte Miss Betsy og Lassen seg igjen ved pianoet og selskapet begynte snart å danse vals. Av og til danset de en folkedans. Kunne ikke delta, hvilket de beklaget. Dansen fortsatte til kl. 11. Søndag er dagen for moro. Gjester er sjelden tatt i mot på andre dager, og en tilbringer alltid kvelden med dans.

Vi ser her at musikklivet i dette miljøet ikkje kan ha skilt seg vesentlig ut frå kva ein kunne vente i ein tilsvarande småby i England eller på kontinentet. Kva for slags norske melodiar det var snakk om hadde vore interessant å veta. Kanskje ligg det ein viss pekepinn i det at de dansa vals og ein og annan folkedans?

Kristiansunderar og andre nordmøringar har allveg elska å hata kvarandre, og förskjellen både i språk og mentalitet er tildels påtakelig. Blant de mest djuptgåande förskjellane er den tradisjonelt svært lagdelte sosiale strukturen i Kristiansund, i motsetning til det noko meir egalitære samfunnet elles på Nordmør. Men når det gjeld musikken, ser ikkje skiljet mellom by og land ut til å ha vore så skarpt. Det har såleis vore ein viss folkemusikktradisjon i Kristiansund òg, og elles på Nordmør har det vore spela og sunge ein del klassisk musikk; mange av felespelmennene dreiv òg meir eller mindre med klassisk fiolinspel.

Ein del av spelmennene komponerte òg instrumental og/eller vokal musikk med tilknytning til europeiske klassiske stilartar. Eit praktfullt eksempel på detta er melodien «Vaaraften under Skorgfaldet», som er komponert av John Eriksen Torske frå Sunndalen til teksten med samma namn skreven av grev Lars Hoaas, som òg var frå Sunndalen. John Eriksen Torske lærte bort melodien til sonen sin, far til Erling Torske. I august 1996 var Olve Utne på sykkeltur frå Stangvik til Sunndalen og besøkte blant andre Erling Torske. Han skreiv ned ein vals og ein springar som Erling spela på fela si. Så kom Erling inn på denna melodien. Han förtelte at han mintest kossen faren bruka å synge denna melodien, og han dikterte ått Olve Utne med fela si, takt for takt. Denna melodien er med sin rolige, godt avstemte melodi og sitt forsiktige utsving til dominanten nærmast for wienerklassisk å rekne. I stil er han altså klassisk, men i og med den muntlige traderinga i tredje generasjon må ein vel kunna kalle han folkemelodi?

Det vil føre for langt å gje noka utfyllande skildring av den klassiske musikken på Nordmør, men utover at skiljelinone mellom klassisk og folkelig feletradisjon har vore temmeleg diffuse, var det, som alt nemnt, mykje korsong i distriktet.

Orkester og opera i Kristiansund

Innsamling av folkemusikk

Som tidlegare nemnt var det ein god del notekunnskapar blant spelmennene på Nordmør i alle fall frå kring midten av 1800-talet, men tilsynelatande mindre blant songarane. Resultatet er at det faktisk finst ein del notenedtekningar av slåttemusikk frå denna tida, men mindre av vokalmusikk. De siste hundre åra har endelig innsamlinga av den vokale musikken òg komme i gang i form av notenerskrifter og lydopptak. Hovudpersonar i denna samenhengen har vore Kristian Halse og Edvard Bræin. I nyare tid kjem òg namn som O.M. Sandvik, Arne Bjørndal og Rolf Myklebust inn.

Musikkskulane

Bibliografi

Her er medteke verk som tek for seg folkemusikk frå Nordmør, eller som inneheld minst éin melodi som eksplisitt er frå Nordmør. Både instrumental og vokal folkemusikk er medrekna. Bibliografien er ikkje komplett.

  • Halse, Kristian: Paa heimveg. Gudelege folketonar. Samla, rytmisk ordna og harmonisera for blanda songkor, orgel eller pianoforte. 4 hefte. 1923.
  • Halse, Kristian: (Ymse hefte med arrangement av folketonar. 1908–1939)
  • Mal:Halse 1943
  • Halse, Leif: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim (Nordmøre Spelemannslag / Rune Forlag), 1973. ISBN 8252300227.
  • Mal:Huus 1994
    • [Om ein salme som visstnok både i tekst og tone ikkje skal vara registrert frå andre stader enn Nordmør.]
  • Mal:Lamvik 1985
  • Langset, Edvard: Segner – gåter – folketru frå Nordmør. Oslo (Norsk folkeminnelag), 1948.