Mufletas

Frå Alnakka.net

Mufletas (pl.) (מופליטאש) er flate brød av gjærdeig — tilsvarande norske flatkakor eller klappakakor — som blir baka og etne ferske på den marokkansk-jødiske festen mimúna. Mimúna blir feira i døgnet rett etter at pesaḥ er over.

Oppskrift

  1. Lag ein vanleg gjærdeig av ca 9,5 dl kveitemjøl (gjerne sammale), 3¼ dl vatn, 15–20 g gjær, 1 ts honing eller sukker og evt. litt salt. Lat deigen heve seg på ein lun stad i kring 1½ time.
  2. Del deigen i kring 40 deler og kna kvar del til ein bolle.
  3. Plassér kvar bolle på ei smurt overflate og trykk/kjevle emnet til ei flat, rund kake.
  4. Varm opp ei osmurt takke eller bakstehelle.
  5. Steik flatkakone og snu dem når de er halvsteikt. De er ferdige når de er gjenomsteikt og fint gylne på begge sidone.
  6. Legg de ferdige mufletas på ei rist og dekk over dem med ein kopphandduk (kopphandklede).
  7. Servér med smör og honing eller syltetøy.

Kjeldor

Marks, Gil: The world of Jewish desserts. New York : Simon & Schuster, 2000. ISBN 0684870037.