Mordecai Kaplan

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 27. mars 2020 kl. 19:09 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<onlyinclude>{{thumb|Mordecai Kaplan.jpg|Mordecai M. Kaplan.}} '''Mordecai Kaplan''' (18811983), var ein asjkenazisk rabbinar…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Mordecai M. Kaplan.

Mordecai Kaplan (18811983), var ein asjkenazisk rabbinar og filosof og grunnleggaren av den rekonstruksjonistiske jødedommen.

Mordechai Menahem Kaplan vart fødd den 11. juni 1881 i Litauen og ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America (JTS) i 1902. JTS var alt da tilknytt konservativ jødedom, men det var enklare da enn no for rabbinarar å flytte mellom de olike retningane av jødedommen. Såleis begynte Kaplan karrieren sin som ortodoks rabbinar i synagogen Kehillath Jeshrun i byen New York. Kring Mal:Den her tida hjölpte han òg rabbinar Israel Friedlander med å sette i gang den moderne ortodokse rørsla Young Israel. På grunn av den sterke utviklinga han kom til å gå gjenom i synet sitt på jødisk teologi, vart Kaplan seinare fordømt som heretikar av Young Israel og den øvrige ortodokse jødedommen, og namnet hans blir ikkje lenger nemnt i offisielle publikasjonar frå Young Israel som ein av grunnleggarane av rørsla.

I 1909 vart Kaplan tilsett ved JTS, der han øvde den største innflytelsen sin gjenom undervisning av konservative studentar i eit halvt århundre. Den sentrale idéen hans om at jødedommen er å förstå som ein religiøs sivilisasjon vart akseptert innaför den konservative rørsla, men den naturvitskaplige gudstolkinga hans fikk ikkje like stor aksept. Gudssynet hans og avvisinga av jødane som eit utvelt folk førte til at han vart bannlyst av de ortodokse. I 1968 let han seg overtala av følgjarane sine til å formelt forlate den konservative jødedommen og å etablere Reconstructionist Rabbinical College (RRC), der filosofien hans, rekonstruksjonistisk jødedom, ville bli fremma som ei sjølvstendig religiøs retning innan jødedommen. Mordecai Kaplan dødde den 8. november 1983.

Kaplan sin teologi

Kaplans teologi hevda at i Mal:Ljøs av framgangen i filosofi, vitskap og historie ville det vara omulig for moderne jødar å fortsette å halde på mange av de tradisjonelle teologiske standpunkta. Kaplan sin naturalistiske teologi har vorte sett som ein variant av filosofien ått den amerikanske filosofen John Dewey. Dewey sin naturalisme kombinerte ateistisk tru med religiøse terminologi for slik å konstruere ein religiøst sett tilfredsstillande filosofi for dem som hade mist trua på tradisjonell religion. Kaplan var òg påverka av Emil Dürkheim sitt argument at opplevelsen vår av det helige er ein funksjon av sosial solidaritet.

I samsvar med klassiske jødiske tenkjarar i mellomalderen, slik som i første rekkje Maimonides, stadfesta Kaplan at Gud ikkje er personlig og at alle antropomorfiske skildringar av Gud i beste fall kan sjåast på som halvgode metaforar. Men Kaplan gikk òg lengre enn det med påstanden at Gud er summen av alle naturlege prosessar som gjer det mulig for menneskja å fylle potensialet sitt. Kaplan skreiv at “å tru på Gud tyder å ta for gitt at det er lagnaden ått menneskja å stige opp over råskapen og å rydde ut alle former av vald og utbytting frå det menneskelege samfunnet.”

Det er verdt å merke seg at ikkje alle Kaplans skrifter var konsistente om dessa spørsmåla; synet hans endra seg noko i løpet av åra, og ved finlesing av materialet står to olike teologiar fram. Det synet som populært sett oftast blir rekna for karakteristisk for Kaplan er ein streng naturalisme à la Dewey — eit syn som har vorte kritisert som (mis)bruk av religiøs terminologi som maskering av eit ikkje-teistisk (eller til og med ateistisk) standpunkt. Men ei anna utgåve av kaplansk teologi utkrystalliserer seg òg — ein teologi som gjer det klårt at Kaplan til tider meinte at Gud har ontologisk eksistens — ein verkelig og absolutt eksistens oavhengig av menneskelig tru. I den sistnemnte teologien avviser Kaplan framleis Mal:Dei klassiske formene Mal:Utav teisme og all tru på mirakel, men held seg til ei tru som på somme vis er nyplatonsk.

Kjeldor

  • Rebecca T. Alpert & Jacob J. Staub: Exploring Judaism: A Reconstructionist Approach, The Reconstructionist Press, 1988
  • Mordecai Kaplan: Judaism As a Civilization, The Jewish Publications Society, 1994
  • Mordecai Kaplan: The Meaning of God in Modern Jewish Religion, 1962

Pekarar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Mordecai Kaplan from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.