Mjølk

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 20:10 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{vara}}» til «vara»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Kvener i Vest-Finnmark mjølkar rein.
Foto:Okjent, føre 1900.

Mjølk er namnet på væska som hopattedyr lagar for de nyfødde ungane sine. Menneske drikk morsmjølk som born, men mange drikk seinare òg mjølk frå andre dyr, særlig kyr, men òg frå blant anna sauer, geiter, reinsdyr og jakar.

Mjølka frå kvar art har olik samensetning, men har òg mange fellestrekk. Ettersom drikken skal gje styrke til småe pattedyr som skal vekse, er han veldig næringsrik. Mjølk inneheld særleg proteinar og feitt — i tillegg til laktose, vitaminane A, B og D og mineral som kalsium og selen.

Feittet i mjølka danar eit lag som vil flyte til topps om ho får stå. Dette laget blir gjerne skilt ut som fløyte.

Eit glass mjølk.
Foto: Stefan Kühn

Behandling

I dag er det vanlig å behandle mjølka på meieri føre ho blir selt. Ho blir ofte separert i skummamjølk og fløyte, pasteurisert, standardisert og homogenisert. På meieria foredlar ein òg mjølk til olike mjølkeprodukt. Tidlegare skjedde behandlinga av mjølk på gardane der ho vart laga, men no er det ganske ovanleg.

Ein separator blir bruka for å skilje fersk mjølk i skumma mjølk og fløyte. (Foto: Stanislav Jelen)

Bruk

Fersk mjølk kan drikkast åleine eller i olike drikkar, som bi- eller hovudingrediens. I milkshake er mjølka viktig, og oftast òg i kakao, medan det er valfritt om ein vil ha ein liten skvett oppi teen eller kaffen sin.

Mjølk og mjølkeprodukt er òg viktige i matlaging, for eksempel i graut, puddingar og kakor med krem.

Mjølkeprodukt

Is er eit populært mjølkeprodukt.
  • Ved å tilsette olike bakteriekulturar kan ein laga rømme, kvarg, jogurt og kefir.
  • Ved å riste eller piske fløyte får ein krem og smør.
  • Ved å få mjølka til å skilje seg kan ein få fram eit otal olike osttypar.

Helse

Det er omstridd om kumjølk er bra for menneske, og mange reagerer på laktose eller mjølkeprotein. Alternativ til mjølk frå dyr blir laga av blant anna ris, soya, mandlar og havre. Fersk geitemjølk skal òg vara bra, særlig for nyfødde ungar som ikkje kan få morsmjølk.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Mjølk» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.