Mjølkarrein

Frå Alnakka.net
Rein og reindrift
rein • svalbardrein • skogsrein • karibu (grønlandsrein, skogskaribu, pearykaribu) • reinlav • reindrift • sytingsrein • merking • gjelding • kjørerein • pulk • kløv • raide Mjølk: mjølking • ost Kjøtt: slakting Helse og velferd: slubbo Reindrift etter område: Island • Grønland • Nord-Amerika • Skottland • Sørishavet
«Mjølkarrein» i ordlista
ein mjølkarrein, mjølkarreinen (dativ ått di mjølkarreina); fleire mjølkarreinar, alle mjølkarreinane (dativ ått all(om) dei mjølkarreinom)
Skoltesamar mjølkar ein rein, trulegi 1890-åra.

Ein mjølkarrein (nyn.) eller mjølkrein (sv. mjölkren, nyn./bm. mjølkerein, bm. melkerein) er ein rein som blir halden tam og mjølka på sommaren — gjerne frå sist i juni til først i september. I intensiv reindrift utgjer mjølkarreinane ein vesentleg del av reinflokken, som da kan bestå av alt frå nån få dyr og opp mot 70–80 reinar. Mjølkarreindrift har vore vanleg i store deler av dei samiske områda, men opp mot nyare tid har mange familiar gått over til meir ekstensiv kjøttreindrift eller vorte fastbuande. Etter andre verdskrigen har mjølkarreindrifta stort sétt forsvunne.

Trøa

Reinar i trøa ved Båtsuoj Samecenter i Arjeplogs kommun.
Olve Utne (2012)

I den intensive reindrifta, og kanskje særleg blant skogssamar. blir reinane tradisjonelt haldne i inngjerda trøer om netterne, og så beitar dei i eit større område om dagane. I løpet av sommaren blir flokken flytta frå beiteområde til beiteområde, med ei eiga trø i kvart område. I denne trøa kan heile flokken haldast om han er liten, og mjølkarreinane om flokken er stor. Dermed får ein høgt beitetrykk i trøa ein del av sesongen — med trimming av trea i og kring lysninga og rikeleg med reingjødsel; og i kviletida får graset ro til å etablere seg og vakse seg sterkare. Resultatet blir ein frodig, grasrik voll, gjerne med med open, rettvaksen björkaskog.

Buplassen

Ein njalle (ei stolpebu) ved Storuman i Västerbottens län.
Foto: Olve Utne

Innpå eller rett attmed trøa er det tradisjonelt sesongbuplass for reingjetarfamilien. Det kan vara ei eller fleire kåtor og eit stabbur, f.eks. ein njalle (stolpebu) eller buvrie (stabbur). Stundom er det ei lita kåte eller eit lite sommarfjøs for ei eller fleire geiter òg — kanskje særleg i nord.

Mjølkinga

Jura på reinen sitt veldig nært bakbeina. Det fungerer ikkje særleg godt å mjølke i bøtte, slik ein kan gjera med ku eller geit.
Foto: Olve Utne
Lulesamisk náhppe frå Jokkmokk.

Tradisjonelt blir reinane mjølka annankvar dag. På mjølkardagane får kalvane oftast ein skråavva — ein tynn munnkavle (pinne) av eine eller rogn fastbunden med ulltråd kring nakkan attast i munnen, slik at dei kan eta fritt, men ikkje suge. Mjølka blir samla opp i ein kopp med skaft. denne koppen blir kalla naehpiesørsamisk, náhppepite- og lulesamisk, og náhppinordsamisk. Koppen er liten og smalnar gjerne øvst; kvar rein gjev berre kring ein desiliter mjølk, og det er ikkje ovanleg at simla er orolig når ho blir mjølka.

Bruk av mjølka

Reinmjølka er relativt rund i smaken og har svært høgt næringsinnhald, inkludert mykje proteinar. Hovudbruken av reinmjølk er som råvare til reinost. Reinosten blir tørka og somtid røykt. Han held seg lenge og kan blant anna skavast av oppi kaffen som kaffemjølk. Reinosten har vore sentral i byttehandelen mellom reindriftssamar og fastbuande.

Konflikt og avvikling

Over tid blir trøplassane til fine vollar, og på grunn av måten reindrifta fungerer på, ligg kvar trøplass tom ein stor del av sommaren. I mange fall har bufaste bønder teke i bruk slike trøplassar som sæter eller utmarksslått. I området kring Røros har framrykkinga av sætrer, som i sin tur har vorte til gardar med nye sætrer lengre til skogs. Trollheimen har òg vore eit konfliktområde i lengre tid. Både i Bardu og Målselv og i Pasvikdalen har det gamle reindriftskulturlandskapet vorte utporsjonert til nybyggjarar som etablerte ikkje-nomadisk gardsdrift.

Samtidig som gardsbruka har trekt stadig lengre inn i tradisjonelt reindriftssamiske område — dels gjenom overgang frå reindrift til gardsdrift, dels gjenom lokal ekspansjon av det etnisk norske bondesamfunnet, og dels gjenom offentlege kampanjar, inkludert Ny Jord-prosjektet, har òg den samiske reindriftskulturen vorte pressa over frå intensiv mjølkarreindrift med relativt tamme dyr til ekstensiv kjøttreindrift med mindre kontroll med flokken som resultat. Det har vore mange konfliktar kring bruksrettsfordelinga, inkludert i rettssystemet, heilt opp til våre dagar.

Kjeldor