Minján

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

I vanleg rabbinsk jødedom er ein minján (hebr. מִנְיָן eller מִנְיָין [minjān]) eit uttrykk for ei samling av minst ti jødar over bené miṣvá-alder samla i eitt rom (f.eks. i esnogaen) eller i ei gruppe utadörs. I Israel fram mot korsfarartida var skikken å rekne sju som minján i fölgje Massekhet Soferím.

Visse jødiske rituelle handlingar kan berre utførast i minján — slik som resitering av Kaddísj og Barekhú i gudstjenesta og inkludering av «Elohénu» i innleiinga til Birkat hammazón. Det fölgjande er eit oversyn over slike handlingar:

Kvinnor og minján

Historisk sett har synet på inkludering av kvinnor variert. I vår tids ortodokse jødedom, særlig blant asjkenazím, er det vanlegast at ein berre tel menn og gutar over tretten år i minján i alle samenhengar. I rekonstruksjonistisk jødedom og progressiv jødedom, og delvis òg i masorti jødedom, er den stadig meir utbreidde skikken sidan midten av 1900-talet at både kvinnor og menn blir telt med i minjánen. Sidan 1980-åra har dét vore det vanlegaste i masorti jødedom òg.

Andre tydingar

Ordet minján blir òg ofte bruka om ei gruppe som ofte kjem samen for å halde gudstjenestor. I ein esnoga og/eller ei jødisk menigheit kan det vaera fleire slike minjaním. I ein del esnogas har ein separate asjkenaziske og sefardiske minjaním, separate ortodokse og masorti minjaním eller liknande. Når ei slik gruppering driv fleire felleshandlingar enn berre gudstjenestor, blir dei gjerne organisert som ein ḥaburá.