Mimúna

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 00:40 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{or}}» til «or»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Mimúna, òg skrive mimouna, er ein marokkansk- og algirsk-jødisk fest som begynner ved utgangen av pesaḥ — det vil seie på 23. nisán i Maghreb og elles i galút. Marokkanske og algirske jødar i Israel, der pesaḥ varar i berre sju dagar, feirar mimúna den 22. nisán. Dagen blir blant anna markert ved at ein et mat av gjæra eller syrna deig som mufletas (flatkakor) og ymse marsipan og snop.