Mimúna

Frå Alnakka.net

Mimúna, òg skrive mimouna, er ein marokkansk- og algirsk-jødisk fest som begynner ved utgangen av pesaḥ — det vil seie på 23. nisán i Maghreb og elles i galút. Marokkanske og algirske jødar i Israel, der pesaḥ varar i berre sju dagar, feirar mimúna den 22. nisán. Dagen blir blant anna markert ved at ein et mat av gjæra eller syrna deig som mufletas (flatkakor) og ymse marsipan og snop.