Midlandsnormalen

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 21:10 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{den her}}» til «denne»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Arne Garborg var den eine av dei to som sette opp midlandsnormalen i tida 18981901.
Måleri:Eilif Petersen

Midlandsnormalen er ei midlandsmål-basert normering av landsmål som vart inkludert i 1901-rettskrivinga. Midlandsnormalen markerte eit tydelig brott med den meir vestlandske Aasen-linja. Blant dei mest kjennspake trekka ved midlandsnormalen kan nemnast kløyvd infinitiv, i-mål og eigne fleirtalsendingar for svake hokjønsord. Det er mykje bruk av dei høge vokalane i og u i endingane, og den stumme t-en i bestemt form av nøytrumsord blir oftast ikkje notert. Den andre normeringa, den vestlandsmål-baserte hægstadnormalen, skulle vara offisiell landsmålsrettskriving i skule og administrasjon, medan midlandsnormalen var tillaten som sideform for dei skulane som företrekte det.

Opphav

Rasmus Flo (18511905.
Foto: okjent

I 1898 sette Kirkje- og undervisningsdepartementet ner ei rettskrivingsnemnd for landsmålet. Dei tre medlemmane av nemnda var folkehøgskulestyrar Marius Hægstad frå Sunnmør, Syn og Segn-redaktør Rasmus Flo frå Nordfjord og forfattar Arne Garborg frå Jæren. Det vart oeinigheit mellom Hægstad på den eine sida, som ville byggje på Ivar Aasen så mykje som mulig, og Flo og Garborg på hi sida, som meinte at det mest samlande ville vara å byggje på fjellbygdmåla på Austlandet. Særlig var det målet i Vest-Telemark, «folkevisemålet», som låg til grunn. I Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne (1899) skreiv Flo:

Um nokon vilde meine at desse brigdi likevel er nye og urøynde i den norske bokheimen, so er ikkje de heller so. Dei er tvert um dei eldste aa rekne for, eldre og tidlegare røynde i skrift enn andre norske maalformir. I Landstads folkevisur vil ein finne deim alle saman. Og baade i desse og i all den rike maalskatt i same leid som er samla og utgjevin, vert dei vel i hovudsaki standande gjenom alle tidir. Her hev me daa de mest sjølvvaksne, aa kalle, i norsk bokrike aa byggje paa.

Det kom til den ordninga i 1901 at «Hægstadnormalen» skulle vara offisiell landsmålsrettskriving i skule og administrasjon, men midlandsnormalen skulle vara sideform som dei skulane som ville, kunne bruke. Flo skreiv om den ordninga i Den 17de Mai, 20.07.1901:

so lengi ikkje heile lande hev valt maalform, og so lengi de i bokheimen er strid um skrivemaaten, so bør ikkje skulestyre paa fyrihand slaa vestlandsformi fast anna enn til rettleiding. De kunde i de heile vera ymist vori aa stelle seg so, at midland og austland og nordanfjelskt hadde berre de eine vale: norskdanskt eller vestlands-norskt. Um ikkje midlandsformi vaar duger til anna, so vil ho staa der og vise, at de ikkje er meiningi aa slaa noko fast til landsmaal, fyrr lande i det heile hev havt tilføre til aa velja.

Kjente forfattarar som har bruka midlandsnormalen inkluderer: Arne Garborg (hans «Skriftir i samling» kom omskrevne til denne normalen), Steinar Schjøtt (Snorre-omsettinga 1900), Olav Aukrust, Alexander Seippel. Mange har teke inn drag frå midlandsnormalen i andre normalar òg.

Bøyingsverk

Substantiv

Substantiv i klassisk midlandsmål
eintal fleirtal
obestemt bestemt obestemt bestemt
hannkjøn hest hesten hestar hestane
hannkjøn kvist kvisten kvistir kvistine
sterkt hokjøn sol soli solir soline
sterkt hokjøn bok boki bøkar bøkane
svakt hokjøn (overvekt) vise visa visur visune
svakt hokjøn (jamvekt) viku viko vikur vikune
svakt nøytrum auga auga augu augo
sterkt nøytrum land lande land landi

Legg merke til jamvektformene av hokjøn på -u i obestemt form eintal. Endinga -ur vart bruka av mange som ikkje skreiv gjenomført etter midlandsnormalen òg. Etter kvart tok Garborg til å skrive stum t i -et i nøytrum.

Verb

Det var kløyvd infinitiv: å tala, men å kaste.

Adjektiv

Ein slitin hest, ei sliti merr, eit sliti hus, slitne folk.

Andre ordklassar

Fyri, yvi, lengi.

Litteratur


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon