Middagskvil
Frå Alnakka.net
Ein middagskvil eller ei dugurdskvile, oftast kalla siesta (sp.) i samband med spansk og latinamerikansk kultur, er namnet på ein meir eller mindre kort sømn og generell pause tidlig på ettermiddagen i ymse kulturar. Middagskvilen finn gjerne stad rett etter eit kraftig måltid midt på dagen og kan vara frå ein knapp halvtimes tid og opptil eit par timar. I etterkant av middagskvilen er det gjerne ein kopp te eller kaffe og kanskje eit lett måltid före arbeidsdagen fortsett.
I Spania og i spanskspråklige deler av Latin-Amerika varar siestaen, inkludert middagsmaten, gjerne frå klokka tolv til tre på ettermiddagen.
Pekarar
- Grønli, Kristin Straumsheim: «Middagslur får fart på læring» på Forskning.no