Michael Lerner

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 16:06 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{å}}» til «a»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Michael Lerner er ein jødisk fornyelsesrabbinar, politisk aktivist og redaktør av det venstreorienterte tidsskriftet Tikkun. Han var ledaren av anti-vietnamkriggruppa Seattle Liberation Front (òg kjent som «The Seattle Seven»). De høgprofilerte og politisk svært venstreorienterte synspunkta hans blir oppfatta som veldig kontroversielle av mange innaför meir sentrums- og høgreorienterte jødiske kretsar. I den samband blir ofte statusen hans som rabbinar trekt i tvil, sjølv om han fikk denna statusen ved semikhá (personlig ordinasjon) frå rabbinar Zalman Schachter-Shalomi — ein rabbinar med semikhá frå Ḥabadrørsla.

Religiøst syn

I jødisk menigheitssamenheng er Lerner talsmann for Jewish Renewal-rørsla — ei rørsle han skildrar som «positiv jødedom» som avviser «etnosentriske» haldningar som han hevdar er utbreidd i andre jødiske gruppor. Publikasjonane hans talar for «ei ansvarlig haldning til verda» blant jødar, muslimar og kristne.

Politisk syn

Syn på sionismen

Lerner er erklært sionist, men har kritisert sterkt visse aspekt av den mest konvensjonelle politiske sionismen. Han meiner at denna ideologien i for stor grad byggjer på jødisk nasjonalisme gjenom å nekte palestinarane si historie til fordel for arbeidet for ein sterk jødisk stat. Mange politiske sionistar reknar Lerner som ein antisionist.

Lerner og the Tikkun Community er mot israelsk kontroll over Gaza og Vestbreidda; de meiner at Israel bør vara heimlandet for både jødar og palestinarar i ein felles einskapsstat — det vil seie at alle palestinarar ville få israelsk statsborgarskap. Dette ville føre til eit palestinsk fleirtal, og kritikarane hans peker på at dette ville øydelegge mulegheita for Israel å eksistere som verdas einaste jødiske stat. Inntil ein slik einheitsstat blir politisk mulig, støttar Lerner tostatsløysinga Israel/Palestina.

Syn på venstre-antisemittisme

Lerner har òg uttalt seg svært kritisk om venstreorienterte antikrigsgrupper der det frå 1980-åra av har vorte stadig vanlegare med ope antisemittiske talemåtar, påstandar og krav. Nylig kritiserte Lerner den nystalinistiske gruppa International ANSWER og hevda at avgjerelsen deras om å nekte honom å tala under demonstrasjonane deras mot invasjonen av Irak i 2003 kom av at han er ein erklært talsmann for eksistensretten til Israel.

Bibliografi

  • 1994Jewish Renewal: A Path to Healing and Transformation. Putnam Adult, 1994. ISBN 039913980X (ib.)
  • 1997Health, Healing and Beyond : Yoga and the Living Tradition of Krishnamacharya. Aperture, 1997. ISBN 0893817317 (ib.)
  • 2000Spirit Matters. Walsch Books, 2000. ISBN 157174195X (ib.)
  • 2003Healing Israel/Palestine: A Path to Peace and Reconciliation. North Atlantic Books, 2003. ISBN 1556434847 (hf.)
  • 2006Left Hand of God, The : Taking Back Our Country from the Religious Right. HarperSanFrancisco 2006. ISBN 0060842474 (ib.)

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon