Maurice Abravanel

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 19:11 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{vara}}» til «vara»)

Maurice Abravanel (19031993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent for å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og for framføringane sine av Kurt Weill og Gustav Mahler.

Barndom

Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). Han kom frå ein kjent sefardisk familie, som var blant dem som vart forvist frå Spania i 1492 — sjå Isaac Abrabanel. Maurice Abravanel sine forfedrar busette seg i Salonica in 1517, og begge foreldra hans var fødd der. I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans, Edouard de Abravanel, gjorde det svært godt som apotekar.

Oppvekst og utdaning

I mange år budde Abravanel-familien i samma huset som Ernest Ansermet, dirigenten for (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement i lag med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapelig oppteken av musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Han vart pianist for det kommunale teateret og musikkritikar for den lokale avisa.

Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich. Han mistreivst sterkt der, og særlig likte han dårlig å dissekere lik. Han skreiv til far sin at han heller ville vara andrepaukist i eit orkester enn å vara dokter, og til slutt gav far hans etter.

Tyskland 1922–1933

I 1922, midt i depresjonen i Weimarrepublikken, drog Abravanel til Berlin. Trass i den vanskelige økonomiske situasjonen, fanst det tre operahus i Berlin der det var förestillingar kvar kveld heile året. Wilhelm Furtwängler, Bruno Walter, Richard Strauss og Otto Klemperer dirigerte alle opera i Berlin på denna tida.

Abravanel begynte å studere med komponisten Kurt Weill, som hade vorte nöydd til å ta opp 46 studentar for å få endane til å møtast. Etter å ha studert eit år, fikk Maurice jobb som repetitør ved operaen i Neustrelitz, rett nordom Berlin. På den tida var dette ein god veg mot dirigentkarrieren, sidan repetitøren hade øvd med songarane og instruert dem; repetitøren vart stundom beden om å vikariere når dirigenten laut melde avbod på kort varsel.

I 1924 brann teateret i Neustrelitz ner, og de fire dirigentane fann anna arbeid. Orkestermedlemmene spurde Abravanel om han ville dirigere framføringar ved slottet. Han dirigerte orkesterkonsertar to gonger i vekka på slottet utan øving. Han fikk endatil noko løn.

I 1925 fikk Abravanel ei stilling som korleidar i Zwickau i Sachsen. Han arbeidde i to år der og dirigerte operette-repertoar. Ertersom han gjorde det godt i Zwickau, fikk han så ein post som vanleg dirigent ved eit betre teater i Altenburg.

I Altenburg prøvesong den unge songarinna Friedel Schako, dotter ått den kjente sopranen Hedwig Schako, for honom. Ho vart seinare kona hans. Seinare konverterte ho til katolsk kristendom og endra namnet sitt til Marie.

Etter to år i Altenburg, vart Abravanel utnemnt til dirigent i det første större operahuset sitt i Kassel. I 1931 såg direktøren av Berlin Staatsoper han dirigere ei framføring av Verdis La forza del destino. Han bad honom om å komma til Berlin og dirigere ei förestilling ved Berliner Staatsoper. Orkestret var imponert og gav Abravanel applaus. Dette var viktig, sidan det var orkesteret som avgjorde om ein gjestedirigent skulle bli beden att på den tida. Abravanel vart ein hyppig gjestedirigent der.

Da Adolf Hitler kom til makta i 1933, vart framtredande jødiske musikarar tvungne til å reise ut av Tyskland. Abravanel reiste til Paris med Kurt Weill i 1933.

Paris 1933–1934

I Paris arbeidde Abravanel samen med Bruno Walter. Walter var ven med Gustav Mahler og den største autoriteten på Mahler sin musikk. Walter anbefalte Abravanel som gjestedirigent ved Parisoperaen, og han fikk sette opp, øve inn og dirigere Mozarts Don Giovanni der. Han fikk òg anledning til å dirigere Orchestre Symphonique de Paris, som hade Pierre Monteux som fast dirigent.

Han møtte òg George Balanchine i Paris og dirigerte ballettane hans; og han dirigerte òg verka til den gamle læraren og venen sin, Kurt Weill.

Australia 1934–1936

Etter at Kurt Weill laut reise til New York, reiste Abravanelfamilien til Australia i 1934. Maurice Abravanel hade vorte tilboden ein sjanse til å dirigere både Melbourne- og Sydney-operaen. Etter ei seksvekkors reise gjenom Suezkanalen og over Indiahavet kom han fram til Australia, der han vart hylla som “the eminent continental conductor” (‘den eminente kontinentale dirigenten’).

Abravanel dirigerte ein 13-vekkors sesong i Melbourne og ein tomånaders sesong i Sydney med Verdis Aïda som opning i begge byane, og elles eit balansert utval frå standardrepertoaret, inkludert Puccini, Wagner og Bizet.

New York 1936–1947

Våren 1936 fikk Abravanel tilbod frå Metropolitan Opera i New York City om å dirigere det tyske og franske repertoaret der. Han vart tilboden ein treårskontrakt.

I New York dirigerte han òg Kurt Weill sine oppsettingar på Broadway.

Utah 1947–

Abravanel Hall i Salt Lake City.
Foto: Ntsimp

Da Abravanel reiste til Utah, visste han at han ville byggje opp eit eige, permanent orkester. Han vart utvelt frå 40 søkjarar på stillinga som dirigent for Utah Symphony Orchestra, og han dirigerte detta orkesteret frå 1947 til 1979. I denna tida utvikla han det frå eit lokalt deltidsorkester til eit velrespektert, profesjonelt ensemble med innspelingskontraktar med Vanguard, Vox, Angel og CBS. Han dreiv lobbyverksamheit i årevis for å få til permanente lokale for orkesteret, som hade hovudkonsertlokalet sitt i Salt Lake TabernacleTemple Square på den tida. Han såg drømmen bli til verkeligheit da the Symphony Hall vart bygd — men ikkje før sesongen etter at han sjølv gikk av. Seinare fikk konserthallen namnet Abravanel Hall til ære for honom.

Abravanel dirigerte òg Music Academy of the West i Santa Barbara, California, der unge musikarar kom samen for musikk-sommarleirar. Han underviste i dirigering ved Tanglewood, der han vart utnemnt til livsvarig gjestekunstnar.

Han blir elles hugsa for å ha gjenomført den første komplette innspelinga av alle de ni Mahler-symfoniane, så vel som for klassiske innspelingar av Berlioz sitt Requiem og verk av Vaughan Williams. Han mottok den amerikanske National Medal of Arts i 1991.

Maurice Abravanel dødde i Salt Lake City i Utah den 22. september 1993, 90 år gammel.

Kjeldor

  • Durham, Lowell, Abravanel!, Salt Lake City: University of Utah Press, 1989.

Pekarar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Maurice Abravanel from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.