Matvaror for pesaḥ

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 22. mars 2021 kl. 14:49 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Pesaḥ

Maṣṣá sjemurá.

Bedikàt ḥaméṣ
Førebuing til Haggadáen


Haggadá:
Kaddésj urḥáṣ
karpás jáḥaṣ
.
Maggíd ráḥaṣ
   moṣí maṣṣá
.
Marór korékh,
sjulḥán ngorékh.
Ṣafún barékh,
   hallél nirṣá


Songar:
Ki lo naé · Mi eḥád jodéang · Addír Hu Ḥad gadjá ·
S: Mossé salió de Miṣráyim · Mossé, Mossé · Bendigamos · Quien supiese
A:


Mat:
matføreskrifter · matvaror
karpás · maṣṣót · zeróang · beṣá · marór · ḥaróset
S: rosinvin · mina de maṣṣá · codrero al horno
A: gefillte fish · matse-brei

Glutenfrie matvaror som riskakor, potetmjøl, sertifisert glutenfrie ris- og mais-lasagneplator, sertifisert glutenfrie havregryn, rismjøl og sertifisert glutenfrie risfettuccini kan brukast under pesaḥ etter sefardisk halakhá.
Foto:Olve Utne

Kva matvaror som er tillatne under pesaḥ (jødisk påske) varierer ein del mellom olike jødiske gruppor. Det grunnleggande trekket som er felles for alle er at all ḥaméṣ — det vil seie syrna eller gjæra mat av dei fem kornslaga (kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug — er förboden både å eiga og å eta alle de sju eller åtte dagane pesaḥ varer.

Dei fleste tradisjonelle asjkenazím, og i seinare hundreår mange europeiske sefardím òg, avstår frå å eta kitnijjót (belgvekstar, særleg i tørka tilstand) under pesaḥ på grunn av at mjøl frå desse belgvekstane (slik som ertermjøl) kan komma til å bli förveksla med mjøl frå dei fem kornslaga. Merk likevel at kitnijjót ikkje i seg sjølv er ḥaméṣ; det er ikkje noko forbod mot å eiga kitnijjót under pesaḥ, og det er ifølgje Morám (Rema) tillate for alle å eta ein matrett der ein ikkje enkelt kan skilje ut kitnijjót, så lenge dei er batél barób — det vil seie at under halvparten av retten (f.eks. 49 %) er kitnijjót.

Meiningane om ris er delte. Dei fleste sefardím et ris under pesaḥ, men asjkenazím reknar ris til kitnijjót, som dei avstår frå å eta.

Frukt og grønt

JA:

  • Alle friske og tørka frukter og grønsaker utan tilsetningsstoff.

Egg, meierivaror og fisk

JA:

  • Friske egg.
  • Mjølk frå vanlege meieri.
  • Smør frå TINE.
  • Fersk eller frosen, heil fisk utan tilsetningsstoff.

Potet (alle)

  • JA:
  • Potetmjøl

Ris og mais (berre sefardím)

JA (sefardím):

  • Ris
    • Rismjøl
    • (IKKJE «enriched rice», ettersom den risen ofte inneheld kveite)
  • Mais
    • Maismjøl
    • Maisstivelse
    • Polentagryn
    • Popkorn
  • ORGRAN Lasagne mini sheets (gluten free - wheat free)

Havre

Havregryn som er sertifisert som glutenfrie kan brukast under pesaḥ etter sefardisk halakhá.
  • BJØRN havregryn store glutenfri

Kitnijjót (berre sefardím)

  • Friske erter og bønor og andre belgvekstar. Peanøtter (jordnøtter).
  • Nokre, men ikkje alle, sefardiske gruppor tillet tørka belgvekstar, slik som erter, bønor, kikerter, linsor o.a.

NEI

  • Alt brød som ikkje er sertifisert både glutenfritt og kveitefritt.
  • Alle ferdigprodukt som inneheld kveite (inkl. emmer), spelt (dinkelkorn, einkorn), bygg og rug og som ikkje er spesifikt sertifisert for pesaḥ. (Havre er ikkje ḥaméṣ i seg sjølv, men inneheld ofte innblanding av bygg i praksis.)
  • Eddik som ikkje er spesielt merka kasjér for pesaḥ, ettersom eddik ofte er basert på malt, eit gjæra byggprodukt.
  • Merk at butikkselte flatbrød produsert i Norge ikkje er avgrensa til 18 minutts produksjonstid; derför blir dei rekna som ḥaméṣ etter halakhá.