Matias Skard: «Som Israel med veldug hand»

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 6. april 2020 kl. 02:45 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<p style="font-size:24pt;font-weight:bold;text-align:center;line-height:28pt">«Som Israel med veldug hand»<br /><span style="font-size:15pt;font-style:italic">''av Matia…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

«Som Israel med veldug hand»
av Matias Skard

Tone: Op, glædes alle, eller (med upptaking av siste lina) Min sjæl og aand.

  1. Som Israel med veldug hand
    du førde ut or trældoms land
    og fridom vilde gjeva,
    og eiden dyr og heilag svor
    at når dei lydde dine ord,
    dei lenge skulde liva.
     
  2. So løyste ogso Norigs land
    du lint or lange trældoms hand,
    med vår på vangen dagna,
    og enno står det ord med magt
    der sjølv du heve lovi lagt
    for signa folkelagnad.
     
  3. Og som ditt folk med takkesong
    for frelsa ifrå naud og trong
    med heilag hug deg lova,
    so lær og oss å ansa rett
    og takka deg frå ætt til ætt,
    vår Gud, for fridoms gåva.
     
  4. Lat oss vår fridom bruka so,
    at vent han veks og vara må,
    og ei av urett styggjast;
    ja i di sanning fri oss gjer,
    og oss den rette lydnad lær,
    so fridoms tre må tryggjast.
     
  5. Lat fedreminni helging få
    frå heilagdomen, so dei må
    på dine vegar peika,
    og smelt du ved din altareld
    vårt modersmål, so fint det fell
    som orgeltonar leika.
     
  6. Velsign vårt land, å milde Gud,
    og folket rundt i borg og bud,
    i kvar sitt kall og yrke;
    gjer landet kjært, so kva det krev
    til vern og vokster, alt me gjev
    med helga offerstyrke.
     
  7. Lær små og store, møy og mann,
    å elska folk og fedraland
    i yrket som i ordi,
    so av vår bøn og gjerning gror
    vår fridom trygg, vår framtid stor
    på dyre fedrejordi.
     

Kjeldor

Seip, Karl: En liten visebok for hjemmet. Oslo : H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), 1929.