Matforskrifter for sjabbát

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 6. april 2020 kl. 15:24 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «'''Matforskrifter for sjabbát:''' Etter halakhá er det ikkje lov for jødar å gjera opp eld eller å koke nye matretter på sjabbát. Det blir rekna for prisv…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Matforskrifter for sjabbát: Etter halakhá er det ikkje lov for jødar å gjera opp eld eller å koke nye matretter på sjabbát. Det blir rekna for prisverdig å spara ekstra god mat for sjabbát, og i rabbinsk jødedom blir det rekna som særleg prisverdig å eta varm mat på sjabbát.

Koking, steiking og baking av mat føre sjabbát begynner

Ein kan fritt koke, steikje eller baka ferdig alle sortar kasjér mat for bruk på sjabbát så lenge matretten i hovudsak alt er etande føre sjabbáten begynner. I praksis let vi for eksempel bønor og kjøtt koke i minst ein time føre sjabbáten begynner. Mat som er påbegynt på dette viset føre sjabbát kan koke vidare på svak varme heilt til han blir servert.

Oppvarming av mat

Debár jabésj

Debár jabésj (hebr. דְּבָר יָבֵשׁ) er fast føde — det vil seie tørre matretter og matretter der tørrmatinnhaldet dominerer over væskeinnhaldet. Eksempel på debár jabésj er bakverk, puddingar, steikt kjøtt, steikt fisk og lapskaus.

Etter sefardisk halakhá kan ferdiglaga matretter som er debár labésj varmast opp att på sjabbát.

Debár laḥ

Debár laḥ (hebr. דְּבָר לַח) er matretter som i hovudsak består av væske. Eksempel på debár laḥ er buljong, tomatsuppe og andre suppor og vellingar som har meir flytande enn fast innhald. All drikke (vatn, saft, jus, vin kaffe, te, maté, mjølk) er rekna som debár laḥ.

Hovudsynet etter sefardisk halakhá er at ferdiglaga matretter som er debár laḥ ikkje kan varmast opp att på sjabbát.