Marta Steinsvik

Frå Alnakka.net

Marta Steinsvik, f. Tonstad (18771950) var ein kontroversiell norsk forfattar, omsettar, målkvinne og første kvinna uteksaminert som teolog ved Menighetsfakultetet.

Marta Tonstad vart fødd på garden Skjeggestad i Bakke sokn ved Flekkefjord den 23. mars 1877. Faren Torkell Tonstad var fødd i Sirdal, men var lærar i Flekkefjord på den tida. Han eigde garden Skjeggestad òg, og her var Marta til ho var tre år gammel. Mora Ingeborg var frå Tonstad òg, og begge kom frå gamle bondeætter.

I 1894 tok ho til å skrive i avisa Den 17de Mai, som hadde teke til å komma ut samma året.

Den 16. mai 1896 gifta ho seg med Rasmus Olai Steinsvik, som var ein av mennerne bak bladet Den 17de Mai.

I 1910 vart ho redaktør for tidsskriftet Kringsjaa. Ho var språkmektig og omsette mange bøker til nynorsk. Blant anna omsette ho Jean d’Arc av Louis de Conte frå 1905 og Quo vadis? (Kvar gjeng du?) av Henryk Sienkiewicz frå 1903. Ho markerte seg sterkt som antisemitt og anti-katolikk og reiste på foredragsturnear for å fremme syna sine. Frimodige ytringer kom i 1946 og handla om landssvikoppgjeret etter andre verdskrigen.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Marta Steinsvik» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.