Marie Takvam

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Marie Takvam (fødd 6. desember 1926, d. 28. januar 2008) var ein forfattar frå Hjørundfjord i Ørsta kommuneSunnmør. Ho flytta til Oslo for å studere psykologi og vart buande der i mange år.

Takvam debuterte 25 år gammel med Dåp under sju stjerner. Ho vart kjent ikkje berre for dikta sine, men òg for kor vakker ho var og for det til tider harde livet ho levde. Ho gikk gjenom ei skilsmisse og hadde alkoholproblem som ho fortelte ope om til media.

Takvam var vener med blant andre Aslaug Vaa, Inger Hagerup og Halldis Moren og Tarjei Vesaas. Inspirasjonen til dikta sine skal ho likevel ha funne i sitt eige liv.

Takvam har òg arbeidd i Barnetimen og skreve barnebøker. Ho fikk Nynorsk litteraturpris for 1997.

Verkliste

  • 1952 - Dåp under sju stjerner
  • 1954 - Syngjande kjelder
  • 1962 - Merke etter liv
  • 1965 - Mosaikk i lys
  • 1969 - Brød og tran
  • 1975 - Auger, hender
  • 1975 - Dansaren
  • 1980 - Falle og reise seg att
  • 1981 - Brevet frå Alexandra
  • 1987 - Aldrande drabantby
  • 1990 - Rognebær
  • 1997 - Dikt i samling

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Marie Takvam» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.