Mal:Velkommen sikhisme

Frå Alnakka.net
Harimandir Sāhib i Amritsar i Pandjāb — den mest sentrale bygninga i sikhismen.

Sikhismen er ei religiøs lære som vart grunnlagt av gurū Nānak Dēv sist på 1400-talet. Læra har geografisk opphav i Pandjāb i grenseområda mellom India og Pākistān. Sikhismen er ein synkretistisk religion med røter i islām og hinduisme, men sikhane sjølve ser på han som ein heilt ny religion. Etter gurū Nānak vidareutvikla de ni etterfølgjarane hans religionen til den forma han har i dag. Den helige boka ått sikhane, Sri Gurū Granth Sāhib dji, blir rekna som den ellevte gurūen. Sjølve ordet «sikh» er pandjābi og tyder ‘elev’. Sikhar møtest til gudstjeneste i tempel som blir kalla gurduārāer.

Sikhar trur at det berre finst éin Gud og skapar. Om ein får kontakt med Gud, blir ein frelst og slepp attføding. Kontakt får ein gjenom å besøkje olike gurūar. Den truande er ikkje pålagt tempelbesøk og offer i så stor grad som det er vanleg i hinduismen. I sikhtrua er slike ritar knytte til eit materielt jordeliv. De kan derfor ikkje frelse menneske, men gjev ein berre meir kval og kvide. Nām, Guds Namn, sjabad, Guds Ord og Satsang, selskap med fromme og helige folk, er vegane til frelse.

I dag (2007) er det truleg kring 5 000–7 000 sikhar i Skandinavia, og fleirtalet av dem bur i Norge, der det i dag finst gurduārāer i Oslo og Drammen.   Les meir ...