Mal:Velkommen Kasjrút

Frå Alnakka.net

Kasjrút er læra om kva råvaror, tillagingsmåtar og matkombinasjonar som er tillatne etter halakhá (jødisk religiøs lov). Kasjrút byggjer på dei bibelske grunnprinsippa frå Toráen og dei rabbinske prinsippa frå Misjná. Det er litt variasjon i detaljane kring kva som blir rekna som kasjér; særlig er det förskjell mellom sefardiske og asjkenaziske tradisjonar, men det er òg ein del olikheiter mellom ortodoks og masorti jødedom, og i tillegg mellom f.eks. Israel, Europa og USA innaför kvar gruppe.

Alle tradisjonar er einige om skiljet mellom dyr som er tahór (som kan bli bruka til kasjér mat) og dyr som ikkje er tahór — sjølv om det er enkelte mindre förskjellar i detaljane om kva dyr som blir rekna som tahór. Alle tradisjonane er òg einige om at kjøtt berre er kasjér (brukande til mat) om det kjem frå tahóre dyr som er slakta på rett vis. Alt kjøtt frå dyr som dødde på anna vis blir rekna som taréf og er förbode å eta. Forbodet mot å koke kjeet i mjølka av mor si blir i alle novarande rabbinske tradisjonar utlagt som eit totalförbod mot å eta noko som helst kjøtt av pattedyr og fuglar i lag med noka mengd av mjølkeprodukt i samma måltidet.

Ein del matförskrifter er tidsbundne. Dei matförskriftene inkluderer forbodet mot å koke nye matretter på sjabbát og forbodet mot å eta gjæra mat av dei fem kornslaga under pesaḥ (den jødiske påska). Detaljane i dei tidsbundne matförskriftene varierer ein god del mellom tradisjonane. Slik vil mange sefardím eta ris (og delvis òg havre) fritt under pesaḥ, medan dei fleste asjkenazím vil halde seg unna desse råvarone og dei fleste andre frø og belgvekster under pesaḥ.

Somme matförskrifter er stadbundne, og da først og fremst tilknytte Èreṣ Jisraél. Dét gjeld særlig landbrukslovane — slik som f.eks. loven om mangasér (tiend), jasján (å ikkje bruke avlinga före den fastsette tida) og sjemittá (sabbatsåret). Desse lovane har vore lite følgt sidan före korstogstida, men dei er på veg inn att i deler av vår tids tradisjonelle jødedom.