Mal:Velkommen Jødedom

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 20. august 2020 kl. 00:25 av Bottolf (diskusjon | bidrag)

Mal:Utvalt jødedomsbilde mars

Esnoga.jpg

Jødedommen er den religiøse kulturen ått det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som enno blir praktisert utan avbrott. Trusprinsippa og historia ått jødedommen danar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’ítru og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tenákh (Torá, Nebiím, Ketubím), er såleis òg helig skrift for dei kristne, som kallar han Det gamle testamentet. Jødedommen let seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samenhengande historie.   Les meir ...

Det religiøst-politiske rammeverket

for artiklane om jødedommen her på Alnakka.net er tradisjonell sefardisk rabbinsk jødedom, inkludert tradisjonell-egalitær jødedom.

Heilt generelle ting

finn du her. Sjå gjenom ordlista eller søk i søkjefeltet til venstre om du er ute etter å finne éin spesiell ting. Uttale: Kh blir uttala med ein raspande baktungelyd som i tysk Bach. Har du problem med skrifttekna finn du tips om installering av oppdaterte fontar og liknande her.


Dagen i dag



Emne:Jødedom