Mal:Portal randomteaser

Frå Alnakka.net
Kart Nordmør.png
Nordmør (utt. ["nɔɽmʌ:r] (Eide), ["nɷ:ɽmʌ:r] (Aure), ["nɷ:rmʌ:r] (Indre Nordmør), ["nɷ:rmø:r] (yngre ndm.)), i nyare tid oftare skreve Nordmøre, inkluderer den nordaustlegaste delen av Møre og Romsdal fylke og består av kommunane Gjemnes, Tingvoll, Averøy, Kristiansund, Sunndal, Surnadal, Smøla og Aure kommunar samt Eide i Hustad kommune i Møre og Romsdal fylke samt Heim og Rindal kommunar i Trøndelag fylke. Historisk sétt har òg dei nordaustligaste gardane i Hustad sokn så vel som Eidsøra i Nesset kommune og Vinje i Sør-Trøndelag haurt til Nordmør; og i mellomalderen heile Fosen futedømme. Størstedelen av Nordmør utgjer, i lag med Romsdal og Sunnmør, dei tre tidlegare futedømma (fogderia som utgjer Møre og Romsdal fylke.   Les meir …
Arabolt.png
Arabolt, i formene Arabolten (Mal:Sg.) og Araboltan (pl.) er stadnamn som blir bruka om skjer, småe holmar eller skjergruppor. Namnet er registrert to plassar i Smøla kommune og éin plass i Aure kommune, begge på Ytre Nordmøre. Arabolten sørvest om Smøla ligg i overgangen mellom Blåsværsvaet og dei oreine farvatna Rotværet/Rotværdraget og Sandskjera. Han er ein langsmal holme med ei NO/SV-lengd på opp mot 200 m og breidd på kring 60 m. Nærme den butte nordaust-enden er det ein rundvorden haug på 13 m, og sørvest-enden går ut i ein spiss. Nørdre og Søre Arabolten i Breisvaet markerer, i hop med Trettholmen, grensa mellom det trygge svaet i aust og dei oreine farvatna kring Langlåtan og Kråkværet i sør og sørvest. Nørdre Arabolten er ein rundvorden holme med ein diameter på kring 30–40 m. Søre Arabolten er flatvorden og avlang med rett nordside og runda sørside; han har ei aust-vest-lengd på i overkant av 100 m og ei nord-sør-breidd på i underkant av 50 m. Araboltan ved Golma, òg registrert med namneformene Hareboltane og Havboltane, avgrensar det oreine farvatnet mellom leida sørom Langholmen i nord og Møyslåttsvaet og leida sørom Møyslåtten mot Linvågen i sør. Araboltan består av relativt mange skjer med variabel form.   Les meir …
Jappe Ippes (ca 16551720) var ein frisiskfødd tømmerhandlar frå Trondhjem (no Trondheim) som slo seg ner i Linvågen på Tustna mot slutten av 1680-åra. Den 11. august 1691 fikk han kongelig bevilling for å drive kleppfisktørking i området med 10 års monopol og for å drive direkte eksport frå Fosna (det novarande Kristiansund). Han sette i gang kleppfisktørking i stor målestokk, og i 1699 vart det utskipa 175 tonn kleppfisk frå Fosna.   Les meir …

Mal:Portal randomteaser blir bruka för å legge ut teasers på hovudsida og på emnesidor. Utvalet er frå tilfeldige artiklar som har fått påført oppgjeven kvalitetsfaktor. Malen brukar Dynamic Page List for å laga utval og formatere det.

Synopsis

Eit typisk kall, resultat vist til høgre, er slik:

{{Portal randomteaser
  |count=3
  |Q
  |%Nordmør%¦%Kristiansund%¦%Aure%¦%Smøla%¦%Halsa%
}}

Parameter

#1 er eit obligatorisk parameter for kvalitetsfaktoren til artiklar som blir medtekne. Denna skildrar ei avskjering av utvalsrommet slik at berre artiklar med korrekt kvalitetsfaktor blir med.

#2 er eit valfritt parameter för eit utval av kategoriar som brukar match-teknikken til SQL. Om denna ikkje er med, så vil alle artiklar frå hovudrommet eller oppgjeve namnerom bli medtekne i mulig utval. Det kan takast med fleire match-kriterium med å laga ei liste skilt med ein broken pipe (¦).

namespace er eit valfritt parameter för val av namnerommet som blir medteke. Om dette ikkje er med, så vil utvalet vara frå hovudrommet.

count er eit valfritt parameter for antal oppføringar (teasers, ingressar) som blir medtekne. Om denna ikkje er med, så vil antal oppføringar bli sett til 5.

Bruk

Malen forutsett at artiklar blir merka med ein kvalitetsfaktor, typisk ved at ein mal {{Q1}} eller {{Q2}} blir sett på sida. Det er ein mal som blant anna plasserer artikkelen i kategori Kategori:Q. Det att blir bruka som utvalskriterium för artiklar i tillegg til oppgjevne kategoriar og eventuelt namnerom. Sjå Kvalitetsfaktor for ei fullstendig skildring av dessa faktorane.

Der malen blir bruka, vil han prøve å transkludere artiklar. Det vil seie at artiklane blir prøvd inkludert i si heilheit. For å unngå at det blir medteke meir enn ønskelig, blir innledninga innpakka i <onlyinclude>…</onlyinclude>. Dermed får vi kontroll med kva som blir medteke i innledninga. Det er òg mulig å laga ei separat innledning som berre blir vist når artiklane blir bruka på denna måten. Detta gjer vi med koden <includeonly>…</includeonly>. Den første forma gjer at vi kan bruke den eigentlige artikkelinnledninga eller ingressen som teaser og gjer at vedlikehaldet blir enklare.

For å legge inn bilde brukar vi ein eigen mal {{thumb}} som legg inn bildet på litt olikt vis etter kvar artikkelen blir bruka. Sjå maldokumentasjonen der för meir informasjon.