Mal:Portal randomteaser

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 27. mars 2020 kl. 10:50 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
3026 blandaball.jpg
Blandaball (utt. ["bɽɑɲ:aˌbɑʎ:]), stundom skreve blannaball, blainnabaill o.a., er ein fiske- og potetrett frå Romsdal, Ytre Nordmør og Fosen. Hovudingrediensane i blandaballen er ferskfisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Ball, og særlig blandaball, er spesielt populær mat i Kristiansund, og byen blir ofte spøkefullt kalla Baillsund.   Les meir …
C01989 Langholmen (Aure kommune).jpg
Langholmen (D på Langholma) er eit fråflytta fiskevær på ei langstrekt samling av tettliggjande holmar utom Golmøya i Aure kommuneNordmør. Dei første fast busette vi veit om er registrert i kirkjebøkerne frå 1751 og framover, og dei siste fastbuande flytta frå Langholmen i 1970-åra. Været Langholmen, som opprinnelig haurde til Golmå, låg under væreigarar i Kristiansund i hundre år: under Christie-familien frå 1822 til 1910, og under Hans Christian Olaus Aass frå 1910 til 1923, da Langholmen kom på lokale hender.   Les meir …
C18128 nordmørslystring.jpg
Ein nordmørslystring, oftast kalla berre lystring eller lysterbåt, er ein spissgatta, rundstamna båt som vart utvikla til erstatning for geitbåtaneNordmøre på andre halvdelen av 1800-talet. Lystringen skil seg ut frå den tradisjonelle geitbåten på fleire måtar. Den mest grunnleggande forskjellen er at han er bygd på smale, saga bord, i motsetning til dei breie, hogne borda på geitbåten. Dét inneber at han er raskare å byggje, og dermed billigare.   Les meir …

Mal:Portal randomteaser blir bruka för å legge ut teasers på hovudsida og på emnesidor. Utvalet er frå tilfeldige artiklar som har fått påført oppgjeven kvalitetsfaktor. Malen brukar Dynamic Page List for å laga utval og formatere det.

Synopsis

Eit typisk kall, resultat vist til høgre, er slik:

{{Portal randomteaser
  |count=3
  |Q
  |%Nordmør%¦%Kristiansund%¦%Aure%¦%Smøla%¦%Halsa%
}}

Parameter

#1 er eit obligatorisk parameter for kvalitetsfaktoren til artiklar som blir medtekne. Denna skildrar ei avskjering av utvalsrommet slik at berre artiklar med korrekt kvalitetsfaktor blir med.

#2 er eit valfritt parameter för eit utval av kategoriar som brukar match-teknikken til SQL. Om denna ikkje er med, så vil alle artiklar frå hovudrommet eller oppgjeve namnerom bli medtekne i mulig utval. Det kan takast med fleire match-kriterium med å laga ei liste skilt med ein broken pipe (¦).

namespace er eit valfritt parameter för val av namnerommet som blir medteke. Om dette ikkje er med, så vil utvalet vara frå hovudrommet.

count er eit valfritt parameter for antal oppføringar (teasers, ingressar) som blir medtekne. Om denna ikkje er med, så vil antal oppføringar bli sett til 5.

Bruk

Malen forutsett at artiklar blir merka med ein kvalitetsfaktor, typisk ved at ein mal {{Q1}} eller {{Q2}} blir sett på sida. Det er ein mal som blant anna plasserer artikkelen i kategori Kategori:Q. Det att blir bruka som utvalskriterium för artiklar i tillegg til oppgjevne kategoriar og eventuelt namnerom. Sjå Kvalitetsfaktor for ei fullstendig skildring Mal:Utav dessa faktorane.

Der malen blir bruka, vil han prøve å transkludere artiklar. Det vil seie at artiklane blir prøvd inkludert i si heilheit. For å unngå at det blir medteke meir enn ønskelig, blir innledninga innpakka i <onlyinclude>…</onlyinclude>. Dermed får vi kontroll med kva som blir medteke i innledninga. Det er òg mulig å laga ei separat innledning som berre blir vist når artiklane blir bruka på denna måten. Detta gjer vi med koden <includeonly>…</includeonly>. Den første forma gjer at vi kan bruke den eigentlige artikkelinnledninga eller ingressen som teaser og gjer at vedlikehaldet blir enklare.

For å legge inn bilde brukar vi ein eigen mal {{thumb}} som legg inn bildet på litt olikt vis etter kvar artikkelen blir bruka. Sjå maldokumentasjonen der för meir informasjon.