Mal:Portal randomteaser

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 26. mars 2020 kl. 21:42 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<includeonly> {{#dpl: {{#if:{{{2|}}}|categorymatch={{{2}}}}}| {{#if:{{{1|}}}|uses=Mal:{{{1}}}}}| {{#if:{{{1|}}}|category={{{1}}}}}| namespace={{{namespace|}}}| ran…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Det jødiske samfunnet i Kristiansund har sine røter først og fremst i innvandrarar frå Baltikum og Polen først på 1900-talet. Samfunnet, som først og fremst inkluderte medlemmar av familiane Borøchstein, Fischer, Koritzinsky og Hirsch, utgjorde med sine få titals medlemmar den fjerde største jødiske busettinga i Norge före andre verdskrigen. Det litle men aktive jødiske samfunnet i Kristiansund hadde eiga kvinneförening, synagogelokale (i Arbeidersamfunnet) og eigen rabbinar (el. ḥazzán?) (Joel Jacob Hirsch).   Les meir …
Ingvar Hestnes (19041990) var ein spelmann frå Valsøyfjorden i Halsa kommuneNordmør. Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 ått föreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867). Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga ått honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da han Ingvar var 19 år gammel, kjøpte faren ei hardingfele ått honom gjenom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.   Les meir …
Kr. Halse (1907) Folkemusik fra Nordmoere s. 01 (omslag).jpg
Kristian Halse (18581939) var ein lærar, kirkjesongar og tradisjonsinnsamlar frå Halsa, seinare òg busett i Todalen i Stangvik i novarande Surnadal kommune. Han er kjent for å ha samla inn folketonar frå Nordmør, blant anna etter Gråvinn (Ola Kvande). Kristian Halse var far ått læraren, forfattaren og spelmannen Leif Halse.   Les meir …

Mal:Portal randomteaser blir bruka för å legge ut teasers på hovudsida og på emnesidor. Utvalet er frå tilfeldige artiklar som har fått påført oppgjeven kvalitetsfaktor. Malen brukar Dynamic Page List for å laga utval og formatere det.

Synopsis

Eit typisk kall, resultat vist til høgre, er slik:

{{Portal randomteaser
  |count=3
  |Q
  |%Nordmør%¦%Kristiansund%¦%Aure%¦%Smøla%¦%Halsa%
}}

Parameter

#1 er eit obligatorisk parameter for kvalitetsfaktoren til artiklar som blir medtekne. Denna skildrar ei avskjering av utvalsrommet slik at berre artiklar med korrekt kvalitetsfaktor blir med.

#2 er eit valfritt parameter för eit utval av kategoriar som brukar match-teknikken til SQL. Om denna ikkje er med, så vil alle artiklar frå hovudrommet eller oppgjeve namnerom bli medtekne i mulig utval. Det kan takast med fleire match-kriterium med å laga ei liste skilt med ein broken pipe (¦).

namespace er eit valfritt parameter för val av namnerommet som blir medteke. Om dette ikkje er med, så vil utvalet vara frå hovudrommet.

count er eit valfritt parameter for antal oppføringar (teasers, ingressar) som blir medtekne. Om denna ikkje er med, så vil antal oppføringar bli sett til 5.

Bruk

Malen forutsett at artiklar blir merka med ein kvalitetsfaktor, typisk ved at ein mal {{Q1}} eller {{Q2}} blir sett på sida. Det er ein mal som blant anna plasserer artikkelen i kategori Kategori:Q. Det att blir bruka som utvalskriterium för artiklar i tillegg til oppgjevne kategoriar og eventuelt namnerom. Sjå Kvalitetsfaktor for ei fullstendig skildring Mal:Utav dessa faktorane.

Der malen blir bruka, vil han prøve å transkludere artiklar. Det vil seie at artiklane blir prøvd inkludert i si heilheit. For å unngå at det blir medteke meir enn ønskelig, blir innledninga innpakka i <onlyinclude>…</onlyinclude>. Dermed får vi kontroll med kva som blir medteke i innledninga. Det er òg mulig å laga ei separat innledning som berre blir vist når artiklane blir bruka på denna måten. Detta gjer vi med koden <includeonly>…</includeonly>. Den første forma gjer at vi kan bruke den eigentlige artikkelinnledninga eller ingressen som teaser og gjer at vedlikehaldet blir enklare.

For å legge inn bilde brukar vi ein eigen mal {{thumb}} som legg inn bildet på litt olikt vis etter kvar artikkelen blir bruka. Sjå maldokumentasjonen der för meir informasjon.