Mal:Portal randomteaser

Frå Alnakka.net
Johannes Berven spelar paa fjoelfela crop.jpg
Johannes Berven (18991996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Berven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelmann frå Trøa under InnersetraTustna i novarande Aure kommuneNordmør. Johannes Hilmar Gjermundsson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Mora var Anne Marie Eriksdotter Sæter (1858–1925) frå samma plassen. Faren var Gjermund Gjermundsson Berven (1850–1924).   Les meir …
Trefningane den 8. og 9. april 1537 var dei siste trefningane mellom den flyktande erkebiskopen av Nidaros. Olav Engelbrektsson, og den danske militærmakta ved Norskekysten. Det er oklart om desse trefningane fann stad i HammarsundaTustna eller i SveggesundetAverøya. Dei aller siste trefningane fann stad ute i Nordsjøen i dagane etter, den 12. og 17. april.   Les meir …
C02558 Fjordamerra (1842).jpg
«Fjordamerra» er ein kirkjebåt frå Årvågsfjorden i AureNordmør som vart bygd i 1842. Båten, ein tverrskotta geitbåt med sju par årar, stod i mange år ute under eit provisorisk tak på Trøndelag folkemuseum - Sverresborg, men har seinare vorte flytta til GeitbåtmuseetEngjan i Valsøyfjord i Heim kommune på Nordre Nordmør. Nybygde kopiar av «Fjordamerra» inkluderer «Fjordamerra» (1996), som vart bygd av Gunnar Eldjarn og Arne Terje Sæther på oppdrag for Aure historielag, og «Halsabrura», som vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997.   Les meir …

Mal:Portal randomteaser blir bruka för å legge ut teasers på hovudsida og på emnesidor. Utvalet er frå tilfeldige artiklar som har fått påført oppgjeven kvalitetsfaktor. Malen brukar Dynamic Page List for å laga utval og formatere det.

Synopsis

Eit typisk kall, resultat vist til høgre, er slik:

{{Portal randomteaser
  |count=3
  |Q
  |%Nordmør%¦%Kristiansund%¦%Aure%¦%Smøla%¦%Halsa%
}}

Parameter

#1 er eit obligatorisk parameter for kvalitetsfaktoren til artiklar som blir medtekne. Denna skildrar ei avskjering av utvalsrommet slik at berre artiklar med korrekt kvalitetsfaktor blir med.

#2 er eit valfritt parameter för eit utval av kategoriar som brukar match-teknikken til SQL. Om denna ikkje er med, så vil alle artiklar frå hovudrommet eller oppgjeve namnerom bli medtekne i mulig utval. Det kan takast med fleire match-kriterium med å laga ei liste skilt med ein broken pipe (¦).

namespace er eit valfritt parameter för val av namnerommet som blir medteke. Om dette ikkje er med, så vil utvalet vara frå hovudrommet.

count er eit valfritt parameter for antal oppføringar (teasers, ingressar) som blir medtekne. Om denna ikkje er med, så vil antal oppføringar bli sett til 5.

Bruk

Malen forutsett at artiklar blir merka med ein kvalitetsfaktor, typisk ved at ein mal {{Q1}} eller {{Q2}} blir sett på sida. Det er ein mal som blant anna plasserer artikkelen i kategori Kategori:Q. Det att blir bruka som utvalskriterium för artiklar i tillegg til oppgjevne kategoriar og eventuelt namnerom. Sjå Kvalitetsfaktor for ei fullstendig skildring av dessa faktorane.

Der malen blir bruka, vil han prøve å transkludere artiklar. Det vil seie at artiklane blir prøvd inkludert i si heilheit. For å unngå at det blir medteke meir enn ønskelig, blir innledninga innpakka i <onlyinclude>…</onlyinclude>. Dermed får vi kontroll med kva som blir medteke i innledninga. Det er òg mulig å laga ei separat innledning som berre blir vist når artiklane blir bruka på denna måten. Detta gjer vi med koden <includeonly>…</includeonly>. Den første forma gjer at vi kan bruke den eigentlige artikkelinnledninga eller ingressen som teaser og gjer at vedlikehaldet blir enklare.

For å legge inn bilde brukar vi ein eigen mal {{thumb}} som legg inn bildet på litt olikt vis etter kvar artikkelen blir bruka. Sjå maldokumentasjonen der för meir informasjon.