Mai

Frå Alnakka.net
<< mai >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
31
2020

Mai er den 5. månaden i den gregorianske kalenderen. Etter den julianske kalenderen er mai den tredje månaden. Månaden mai er oppkalla etter den greske gudinna Maia, som vart sétt som identisk med den romerske fruktbarheitsgudinna Bona Dea.

Faste merkedagar i mai

Den 1. mai er det gaukmess etter primstaven. Mange har skikken å narre maikatt. I Finland et ein tradisjonelt struvor og drikk mjød.  
Den 3. mai er det vårkorsmess etter primstaven; på denne tida vart sauene tradisjonelt klypt.  

Flag of Denmark.png

Den 5. mai er den danske frigjeringsdagen til minne om at britiske soldatar befridde Danmark den 5. mai 1945. Dagen er offisiell flaggdag i Danmark.  

Flag of Norway.png

Den 8. mai er den norske frigjeringsdagen til minne om den tyske kapitulasjonen etter andre verdskrigen. Dagen er offisiell flaggdag i Norge.  
13. mai er den internasjonale ḥummusdagen.  
Den 15. mai er det hallvardsok etter primstaven.  

Flag of Norway.png

Den 17. mai er den norske nasjonaldagen til minne om Den norske grunnloven av 17. mai 1814. Dagen er offisiell flaggdag i Norge.  
Den 18. mai er det eiriksmess etter primstaven.  
Den 25. mai er det urbansmess etter primstaven.