Magnhild Havdal Almhjell: «Spelemannen Erik Almhjell 65 år» (1946)

Frå Alnakka.net

Spelemannen Erik Almhjell 65 år

Første sida av manuskriptet.

Fredag 25. oktober <1946> fyller han 65 år. Han er fødd og oppvaksen på garden Almhjell i Sundalen. Mor hans var frå Torske og av ei sers musikalsk ætt. Berre 4 år gamall dreiv han og øvde seg på trekkspel, det var tungt so han laut ha det ståande på ein krakk.

Då han var 13 år tok han til med fela. Broren Ola, som og ei tid var svær spelemann, lærte han gripa, og sjølv lærte han seg notar. Ungdomslaget på Aalvundeid tok seg ein tur over fjellet til Sundalen og kom ned ved Almhjell, då spela 13 åringen ein slått åt dei. Om ikkje lengje vart han kjent over heile dalen for spelet sitt, og vart mykje nytta til å spela til dans, fest og brudlaup. Han har spela i 38 brudlaup, 34 i Sundal, 2 i Opdal, og 2 på Aalvundeid.

Det i folkemusiken <som har sprunge utav sjølve livet> han har si rot, han spelar ei mengd med slåttar frå heile landet. Men Nordmørsslåttarne har største romet i spelet hans, og kjendte spelemenn segjer at ingen kan tolke dei slik som han. Han vart spurt kor mange springarar han han kunde spela. «Det er no lang tid sidan eg rekna etter, og då kunde eg over 50, men no veit eg ikkje kor mange eg kann,» svara han. — Tenk, for eit arbeid å læra og øva, attåt alle dei andre tonar og slåttar han kan. Og han har kje fuska seg gjenom dei, reine og rette laut dei vera. Han er og ein god og interessert songar, og har i lang tid vore med i songkor. Etter dette må ein <snart> tru, at han aldrig har gjort anna enn spela og songe, men då tek ein i miss. Han har all si tid drive med hart produktivt arbeid, gardsarbeid, skogsarbeid, vegarbeid og anna. Det er berre i fristunderne han kan dyrke musikken.

Ein må bli forundra når ein ser dei harde arbeidsfingrane glida leikande lett over felestreng[-] og tralla fram dei mjuke fine tonar. Sjølv om han spelar ein enkel, ja ein kan segja daglegdags melodi, so kjem det fram dette særmerkte, som legg ein eigen dåm og farge over spelet hans. Og all denne fagre tonerikdom gjev han so gjerne til dei <han> forstår lengtar etter det; det er den største gleda for han å få lov til å gleda andre.

Han er eitt med den fagre dalen sin, naturelskar, naturdyrkar, fiskar og fjellmann. Våren er den beste tida for han, då går han i skogen og lyder på fuglesongen, og den har han granska, so han kjenner vist kvar fugl på tonen. — — —

Ein spelemann står på ein utsett plass når det gjeld rusdrykk, og mange har nokk gjort sitt beste får å få «føterne unne han». Men det har ikkje lukkast, dei har ikkje fått tynt han den vegen. Difor er han idag ein ungdom frisk, og bryr seg ikkje eit grann om strev og møda, når han får dra til fjells og på fisketurar. — Der inne i Sundalsfjella millom vatn og snøbre, fri som fuglen i lause lufta høgt over alt trongsyn og vesaldom — — der — — møter han noko av dette storfeldt veldige, dette reine og høge som sjæla hans lengtar etter.

Bildegalleri av originalmanuskriptet



Opphavspersonen til dette dokumentet er Magnhild Havdal Almhjell (1894–1985). Dette dokumentet er frigjeve etter avtale med etterslekta hennar under ein Creative Commons-lisens — sjå nedaføre.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon
This file is licensed under the Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License