Magnhild Havdal Almhjell

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 13:11 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - « hade » til « hadde »)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Magnhild Havdal Almhjell (f. 11. juni 1894, d. 13. mai 1985) var ein folkesongar frå TingvollNordmør.

Biografi

Magnhild Havdal vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll kommune på Nordmør. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammel. Etter at Magnhild miste mor si, voks ho opp med besteforeldra på Havdal. Ho fikk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal (18221912), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) (18411942), lærte ho mange gamle tonar. Mormora vaks opp med far sin, Erik Larsson, f. Brandstad.

Magnhild var flink på skulen, og ho gikk ut av folkeskulen med hovudkarakteren 1,57. I bibelhistorie, forklaring og munnlig norsk fikk ho 1 blank. Ho gikk ikkje vidare med utdanninga, men i 1924 tok ho korrespondansekurs i matematikk, norsk og engelsk. M. var ei aktiv kvinne med klåre meiningar, og interessone hennar gikk i mange retningar. Ho var aktiv «norskdomskvinne». Elles var ho interessert blant anna i naturmedisin (ho korresponderte med redaktøren for tidsskriftet Naturlægen (Olvik)), dyrevern, tradisjonar (enten det galdt musikktradisjonar, handverkstradisjonar, handarbeidstradisjonar eller haldningar til gammelt og nytt i det heile) og religion. I det private liv førte detta blant anna til aktivitetar som plantefarging, og ho koka gjerne si eiga såpe.

Som samfunnsmenneske engasjerte ho seg som medlem eller innehavar av olike tillitsverv i föreningar og organisasjonar. Som eksempel på organisasjonane ho var tilknytt kan nemnast:

Ho var òg kommisjonær for olike blad og forlag. I avisa Romsdalsposten (Kristiansund) hadde ho mange innlegg under ymse pseudonym. Blant emna ho tok opp kan nemnast lokalhistorie, tradisjonar, religion og helse.

Magnhild arbeidde som postberar frå 1914 til 1947. I 1936 kjøpte ho garden Åkerfallet. De første åra var ho i Havdalen om vintrane, men frå bestemora dødde i 1942 budde ho på Åkerfallet heile året. I 1948 gifta ho seg med Erik Almhjell (18811963). Han var spelmann og kom frå SunndalenNordmør.

Magnhild song inn på lydband fleire gonger. Etter at ho og Erik i 1953 eller 1954 song og spela inn på lydband for Torleiv Skjøtskift, vart det teke kontakt med O.M. Sandvik. I desember 1954 reiste så ho og Erik til Oslo og song inn tonar på lydband for det davarande Norsk folkemusikkinstitutt.

Rolf Myklebust i Folkemusikkhalvtimen i NRK gjorde opptak med henne i november 1957, juni 1958, mars 1962 og november 1962. Ho var med på å sette i gang Tingvoll historielag og bygdemuseum i 1959. Etter at ho fikk hjerneslag i 1966, flytta ho inn på Tingvoll aldersheim. Ho dødde på Tingvoll sjukeheim den 13. mai 1985.

Magnhild som representant for folkemusikktradisjonen

Ein tenkjer seg gjerne folkemusikken som ein ikkje-notert populærmusikktradisjon blant gjenomsnittlige (folkelige) menneske. Det kan vara grunn til å spöre om dette utan vidare er sant. Om ein skal tenkje seg dette som den primære ramma kring folkemusikken, så vil ein kunna få visse problem. For det første er det oftast slik at visse menneske driv meir med musikk enn andre, og det å ha musikken som leveveg (heilt eller delvis) er heller unntaket enn regelen. Vi veit at mange av de vesentlige tradisjonsberarane har haurt med til unntaka. For det andre er det gjerne slik at det er meir musikk i visse slekter enn i andre, og enkelte slekter står heilt klart fram som musikarslekter.

Ein kan vel trygt seie at Magnhild er eit typisk eksempel på denna sorten atypisk menneske, og ho kan, ettersom kjernen av stoffet er etter besteforeldra, seiast å representere ein slektstradisjon. Folkemusikken blir gjerne sagt å vara ikkje-skriftleg. Det er likevel heilt klart at ein vesentleg del av tradisjonen, både når det gjeld Magnhild og når det gjeld de fleste andre folkemusikkutøvarane i denna delen av verda, er basert på skriftlige tekstar (salmar, visse typar visor). Magnhild skreiv òg ned mange av dialekttekstene.

Mange av felespelmennene på Nordmør var «atypiske» på samma vis som Magnhild — de kunne notar, nokre av dem spela òg klassisk musikk, og de kunne vara kordirigentar, lærarar, regimentsmusikarar eller liknande. Folkemusikk var ikkje den totale musikalske verda deras som folkemusikarar, men snarare ein del av repertoaret. Detta repertoaret var heller ikkje nødvendigvis berre munnlig tradert, men kunne i större eller mindre grad vara basert på notar. Når vi karakteriserer deler av denna musikken som folkemusikk, er det med andre ord ikkje primært ut frå kem som utfører han. Det er heller ikkje nødvendigvis måten musikken blir lært på, eller for den saks skyld om komponisten og/eller tekstforfattaren er kjent eller okjent. Definisjonen må liggja i sjølve musikken. Når det kjem til stykket ser det ut til at den tyske filosofen og leksikografen Johann Gottfried Herder (17441803), opphavsmannen ått termen «Volkslied», sin definisjon er den mest dekkjande i denna samanhengen: Ein folkemelodi er «folket sin levande stemme». Ut frå denna definisjonen blir spørsmål som om utøvaren har notert musikken på noko vis, om han/ho kjenner til kem som har laga melodien, eller om utøvaren sjølv er komponisten, sekundære.

Genrane i Magnhild-materialet

Litterære visor

Når det gjeld opphavet til de litterære visone, så veit vi ein del. Mange av de gamle religiøse visone finn vi att i Kingo sine salmebøker frå slutten av 1600-talet. Dessa melodiane og fleire med dem ser ut til å høre til ein felles nordeuropeisk tradisjon.

Salmar

Salmane har stort sett ein tonalitet, melodikk og syngemåte som med sine alderdomlige trekk delvis peker attover mot renessansen og mellomalderen i europeisk kultur. Blant dessa trekka kan nemnast den ikkje allveg symmetriske taktarten, toneartane med sine modale trekk og ornamenteringssystemet som mykje byggjer på forslagstonar og melismar. Av arkaiske trekk som ikkje bevislig peker attover mot renessansen og mellomalderen i europeisk kultur kan vi nemne intonasjonssystemet som byggjer på bruk av blant anna ¾-tonar som melodiske intervall.

Skillingsvisor

Skillingsvisone, som ein kan seie hadde si blomstringstid på 1800-talet, er stort sett fellesskandinavisk stoff. De har vanlegvis ein meir moderne stil, med tydelige stiltrekk frå den europeiske 1800-talsmusikken. Slik finn ein blant anna stort sett regelmessige 2- eller 3-delte taktartar, eit enkelt tonalt system bygd på heile og halve trinn og eit ornamenteringssystem som stort sett byggjer på ein utstrakt bruk av portamento (glidetonar) . Ein del eldre visor må stilmessig plasserast blant salmane.

Dialektvisor

Dialektvisone har gjerne ei enklare oppbygging enn de litterære visone. Ein viktig grunn til detta er sjølvsagt at mange av dessa er barnesongar. Stiltrekka går stort sett på hyppig bruk av additiv rytmikk, der ein har faste slag, men eit varierande antal av dem innaför kvar «takt» og ein veldig enkel tonalitet, gjerne basert på pentatonikk eller ein heksakord T1–T6 med eller utan ledetone under.

Setermelodiar

Hit reknar vi berre to melodiar i materialet: Kringelhauken og «Stát upp, Maggedúliadei». Karakteristisk her er høgt leie, signalaktige melodiar, koloraturtendensar, nonsensord og uthaling av visse tonar i fraseslutt. Grunntonekjensla er gjerne svak — det er gjerne fleire tonar som kjennest som tonale senter. Intonasjonen er prega av mikrotonale avskygningar med assosiasjonar til overtonerekkja.

Kjeldor

Lydopptak

Bøker og utgjevne opptak

  • Olve Utne: Nokre aspekt ved transkripsjonsmåte og tonalitet i eit folkemusikalsk materiale frå Nordmøre. Hovudoppgåve i musikk, Universitetet i Oslo, hausten 1996. [1]
    • 2. rev. utg. West Hempstead (Hassafon), 2006. [2]
  • Utne, Olve og Kleivset, Anne: Songen hennar Magnhild : Magnhild Havdal Almhjell (1894-1985). Tuddal (Buen kulturverkstad), 1994. (Bok (112 s.) + lydkassett) [3]

Pekarar