M.M. Rodrigues Pereira: «Portugisarjødisk synagogemusikk»

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

«Portugisarjødisk synagogemusikk»

av dr. Martin M. Rodrigues Pereira z"l

De mange sefardiske samfunna som vart etablert i Vest-Europa og Amerika etter år 1600 fikk dei fleste skikkane og tradisjonane sine frå «modersamfunnet» sitt — den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Eksempel på det er dei sefardiske samfunna i:

Den spansk/portugisisk-jødiske synagogemusikken har vorte munnlig overført frå generasjon til generasjon gjenom hundreåra, truleg heilt frå tida da Tempelet enno fanst i det gamle Israel.

Kossen musikken faktisk haurdest ut på den tida veit vi ikkje. Vi veit naturligvis at levittane sin song var ein del av tempelritualet, samen med musikk frå instrument som lyror og cymbalar.

Den originale sefardiske musikken ligg nok aller nærmast den opprinnelige tempelmusikken. Det er fleire olike grunnar til å komma til denna konklusjonen. Alt före det første Tempelet vart øydelagt, fanst det ei jødisk busetting på Den iberiske halvøya. Vidare er sefardím kjent for å halde strengt på den tradisjonelle musikken sin. På toppen av det er [den sefardiske] resiteringa av dei fem Mosebøkerne funna å vara veldig gammel og autentisk. Og det er òg godt kjent at den såkalla gregorianske kirkjemusikken er basert på element frå gamle tempelsongar og vart nedskrevne i såkalla neumar — ein antikk type musikknotasjon.

I jødiske gudstjenestor blir förrettinga gjort av ein ḥazzán. Sefardím kallar den personen ein «(före)lesar», og asjkenazím brukar ein föresongar til det. Förskjellen er openberr: Dei førstnemnte legg hovudvekta på resitasjonen, og eit medlem av fellesskapet tek på seg å synge bønene og salmane. Enda eit typisk trekk ved sefardiske gudstjenestor er at bønene og salmane blir resitert frå begynnelse til slutt. Einaste unntaket frå denne skikken finst i den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam, der berre den første og den siste setninga av bønene blir resitert.

Når det gjeld skikkar kring songen, må det påpekast at det finst skilnader mellom de olike sefardiske menigheitene. Slik er det for eksempel å merkje seg at den portugisiske menigheita i Amsterdam har mista songar som framleis blir bruka i New York og London. Omvendt finst det sikkert skikkar som berre blir følgt i Amsterdam, som ein gong var modermenigheita for de spansk/portugisiske jødane.

Presentasjonen av vekkoavsnitta av Torá og Haftará (profetavsnitt) blir gjort etter songtekn som ein held seg strengt til. Når det gjeld Torá, finst det to presentasjonsmelodiar. Når særlig viktige ting blir fortelt, blir den såkalla «høge visa» bruka — slik som for eksempel ved förtelinga om kryssinga av Raudehavet (Sivhavet), ved lovgjevinga på Sinaifjellet, og når Mosjé (Moses) gjev den siste signinga si over Israels folk. Vidare blir òg den «høge visa» bruka til å framheva enkeltelement når teksten elles blir resitert etter den vanlege måten. Den munnlige overleveringa av denna skikken er no nedskreven og publisert av forfattaren av detta skriftet.

Det finst òg fleire melodiar til synging av Haftará, slik som under de såkalla tre vekkone med sørging före minnedagen for öydelegginga av det Første og Andre Tempelet, eller for læreøkter heime.

Sefardím har òg spesielle melodiar for de såkalla fem rullane. På purím blir Esters bok lesa. Det finst ein bestemt melodi for detta, sjølv om denna melodien ikkje følgjer de trykte songtekna (tengamím). De andre bøkerne blir resitert etter songtekna, anna enn at Kohélet (Forkynnaren) ikkje blir resitert i synagogen av sefardiske jødar. Asjkenazím gjer detta under sukkót (lauvhyttefesten). På de siste to dagane av pesaḥ (den jødiske påskefesten) les ein Sjir hasjirím (Salomos høgsong) under minḥá (ettermiddagsbøna) — éin halvdel per dag.

Vestlige sefardím har ein annan melodi for detta enn de orientalske brørne sine. Det er òg å merke seg at orientalske sefardím har den vakre vanen å synge Høgsongen kvar fredagskveld mellom minḥá (ettermiddagsgudstjenesta) og ngarbít (kveldsgudstjenesta).

Före minḥá på sjabungót (vekkofesten, jødisk «pinse»), etter først å ha sunge første halvparten av Sjelomó ibn Gabiról sitt verk Ngaz’harót, syng ein første halvdelen av Ruts bok etter ein spesiell melodi. På andre dagen av sjabungót les ein andre halvdelen av begge verka. Samma melodien som ein brukar til Ruts bok blir i Amerika òg bruka til Haftará på morgonen av tisjngá beáb, minnedagen for öydelegginga av de tidlegare Templa i Jerusalem.

Gjenom heile det jødiske året har kvar dag i den portugisiske synagogen sine eigne karakteristiske melodiar. Detta avgrensar seg ikkje til éin spesiell melodi, men kan vara fleire olike melodiar. På ein vanleg sjabbát blir bestemte bøner sungne med sine spesielle melodiar. Nokre kan bli sungne med olike melodiar ettersom sjabbatót (fleirtal av sjabbát) fell på olike årstider. Lat oss gå på vandring gjenom det jødiske året:

Det jødiske året

Det begynner med tida for de høge heligdagane, rosj hasjaná (jødisk nyår) og jom kippúr (forsoningsdagen).

Ein typisk melodi er den såkalla R.H.-melodien som ein syng bøna «Jedé rasjím» (de undertryktes hender) etter. På begge dessa heligdagane syng ein i synagogen etter melodiar som er svært særeigne for dessa ærefrykt-haldige dagane, slik at ein finn att dessa melodiane eller variantar av dem kor ein enn finn sefardiske menigheiter, kvar det skulle vara i verda.

Den følgjande heligdagstida er sukkót, eller lauvhyttefesten — ho òg med sine særeigne melodiar. Ein typisk melodi er den som blir sungen under den daglige gåinga kring i synagogerommet (som er opphavet til «palmesøndag»), når vi bed Gud om hjölp (Hosjànga na). Under sluttfesten (sjeminí ngaṣéret) blir bøna om regn sunga med sin svært spesielle melodi under tilleggsbøna (musáf).

Simḥàt Torá avsluttar rekkja av haustfestar. På denna dagen blir den avsluttande delen og opningsdelen av Toráen sungne med den «høge» visa av den som er spesielt utpekt til detta, den såkalla Lovens brudgom (ḥatàn Torá). Også den som förrettar gudstjenesta på denna dagen gjer sitt aller beste for å late den praktfulle musikken for denna dagen stå fram som så vakker som mulig.

Det jødiske året går no inn i ein kvileperiode fram til desember og de åtte dagane når ḥanukká blir feira. Ved tenninga av ḥanukkiljen kling den allment kjente og århundregamle «Hannerót hallálu» både i synagogen og heime. Enno eig forfattaren av denna artikkelen ei gammel 78-plate med den kjente og kjære ḥazzánen Simon Duque, som samen med de 6 millionar jødiske slaktoffera av Holocaust vart myrda av tyskarane. Vi kan ikkje og vil ikkje glømme det!

Kring den første delen av mars blir purím feira. Underlig nok blir ikkje Estérs bok, «megilláen», som denna dagen blir lesen såvel i synagogen som heime, resitert etter songtekna; ein må lære denna melodien utanåt som ung for å kunna framføre han skikkelig seinare. Denna dagen blir allveg avslutta med eit festmåltid der ein syng jødiske songar mellom rettene. Éin av dessa består av eit dikt der diktaren viser til lekkerbiskenane med nederlandske ord som rimar med hebraisken som portugisarjødane brukar gjenom året.

For kvar fest er det ein spesialrett. I den hebraiske teksten blir nederlandske ord hebraisert på vittig vis: Under pesaḥ (påska) et ein ein dessert av ei mengd med eggeplommar, honing og kanel; under vekkofesten ei mjølketerte, under lauvhyttefesten ein kalvepaté, under ḥanukká vaflar, under purím bole med saus, kalla «caldo» — det spanske ordet for saus.

Vårfesten framfor alle er påskefesten med sine karakteristiske haggadákveldar (med fortelinga om utgangen av Egypt). Første kvelden les ein blant anna bøna for dogg, med sin spesielle musikk der ein bed om ei overflod av dogg, som er så viktig i Israel med sine lange, törre somrar. På sjuande dagen les ein frå Lovrullen (Torárullen) om utgangen av Egypt, detta med den såkalla høge visa.

På det etterfølgjande vekkofesten les ein om lovgjevinga på Sinaifjellet — ei historisk sett svært viktig hending. Dermed brukar ein da òg den høge visa. Den svært vakre og rørande klagesongen for tisjngá beáb (minnedag for öydelegginga av begge Templa [i Jerúsjalàim] på 9. áb, som allveg fell på den varmaste tida av året: juli/august) blir i sefardiske synagogar (utom Amsterdam) sungen av personar som kjenner jødisk bøn godt. Etter at den eigentlige gudstjenesta er over, framfører ein først Klagesongen av profeten Jirmejáhu (Jeremia), og deretter Ijjóbs bok (Jobs bok). De samma songtekna har her enda ei anna musikalsk form.

Heile det sefardiske dagliglivet er gjenomsyra av musikk — ikkje berre hebraisk poesi, men òg dikt på ladino, eit språk som består av gammelspansk blanda med hebraiske ord. Menneske i denna forfattarens levetid hugsar enno godt cantos, songar, som vart sungne etter den hebraiske takkseiinga etter måltidet, slik som «Bendigamos» (‘Lat oss signe’) og «Ya vendrá el Señor de la Redención» (‘Snart skal bergingsherren komma’).

Vidare finst det spesielle bøner og songar for spesielle typar hendingar, slik som ved ei omskjering, for guten som skal omskjerast, som blir sungne av de som er til stades. Og for ein brudgom finst det òg ein festsong som blir sungen på den spesielle lærekvelden til ære for brudgommen som finn stad före bryllaupet.

Overrabbinar ḥakhám Izak Aboab da Fonseca skreiv i 1675 eit religiøst dikt til ære for innviinga av Den portugisiske synagogen i Amsterdam. Namnet på detta diktet var «Ḥiskí ḥizkí» (‘Ha vett og vara sterk’). Nokre tiår seinare komponerte Abraham de Casseres musikken til detta diktet.

For den som vil veta meir om den portugisisk-jødiske musikken viser eg til denna litteraturlista:

  • Lopes Cardozo, Abraham: «Music of the Sephardim», særtrykk frå Herzl Institute Pamphlet #15, Herzl Press, New York, N.Y. 1960.
  • Lopes Cardozo, Abraham: Sephardic songs of praise, Tara Publications 1987, Cedarhurst, N.Y. 11516.
  • Lopes Cardozo, Abraham: Selected Sephardic chants, Tara Publications 1991, Cedarhurst, N.Y. 11516.
  • Benharoche-Baralia, M.J.: Chants hebraïques traditionnels, L’association Zadoc-Kahn, Biarritz, France 1961.
  • Rodrigues Pereira, M.M.: ‘Hochmat Shelomoh, Torah cantillations according to the Spanish and Portuguese custom, Tara Publications 1994, Cedarhurst, N.Y. 11516.
  • Israel Ricardo, David: Selected tunes of the Portuguese Jews, Congregation Amsterdam, Rishon Lezion 5735/1975.

Lisensinformasjon

  • Omsett etter «Portuguees-Joodse synagoge muziek». Offentliggjort her etter skriftlig löyve frå Mrs. T. Rodrigues Pereira-Gomes de Mesquita.
  • Copyright for den nederlandske originalteksten: Forfattaren, ved enkja Mrs. T. Rodrigues Pereira-Gomes de Mesquita.
  • Copyright for den norske omsettinga: Olve Utne.
© Denne teksten er fullt ut verna etter tilgjengelige opphavsrettslovar og kan ikkje brukast fritt. Han kan brukast innaför nettstaden Alnakka.net etter løyve frå opphavsretthavaren. This text is fully protected by all available copyright laws and may not be redistributed and used freely. It may be used within the web site Alnakka.net by permission from the copyright owner.