Mørlefse

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 20. april 2020 kl. 11:38 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{ljøs}}» til «lys»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Mørlefse eller tjukklefse er ein relativt ny type lefse som særlig vart spreidd gjenom folkehøgskular og husmorskular. Mørlefsone inneheld hevemiddel (ofte hjortsalt) og blir steikt i småe leivar av asjettstørrelse. Mørlefsone, som er relativt tjukke og mjuke og er best når dei blir etne ferske, blir smurt med smør, sukker og kanel, lagt samen to og to og skorne i 4–8 kileforma stykke.

Oppskrifter

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar:

   3  koppar surmjølk
   1  kopp   rømme
   1  kopp   sukker
   1  kopp   sirup
   4  Mal:Ts     hjortsalt
ca 1½ kg     kveitemjøl

Framgangsmåte:

Rør alt saman, men arbeid deigen minst mulig. Bak ut til litt tjukke leivar. Lefsone kan steikjast på takke, på toppen av vedkomfyren eller i steikjeomnen. Best blir de når de er steikt i omnen. Lefsone, som skal vara heilt lyse, pakkar vi inn i ein kopphandduk etter kvart som dei blir steikte. Smør ein leiv med smør, sukker og kanel. Smør så berre smør på leiv nummer to og legg han oppå den første med smørsida ned.