Måneskinspudding

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 00:36 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{ä}}» til «e»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Måneskinspudding er ein norsk pudding som hovudsakleg er basert på mjølk og egg.

Oppskrifter

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar

50   g  kveitemjøl
50   g  potetmjøl
 2,5 dl mjølk
 1   l  mjølk
50   g  sukker
50   g  smör
50   g  kokosmasse

- vanilje
2 egg

Framgangsmåte

  1. Ein blandar mjølet samen i ein komme og rører i 2,5 dl mjølk.
  2. Så kokar ein opp 1 liter mjølk med sukker, smör og kokosmasse.
  3. Lat så denne jamninga få eit godt oppkok.
  4. Rør i vaniljen og egga.
  5. Ha det i smurt og strødd form; kolv det når det har stivna.
  6. Servér med raud saus til steikt makrell med stua syre (surgras).