Lungor

Frå Alnakka.net

Lungor (pulmones) er det sentrale organet i åndedrettssystemet blant luftpustande virveldyr. Dei to lungone ligg i brysthola, på kvar si side av brystskiljeveggen (metadiastinum). Dei har form som tresidige pyramidar og kviler på dei to kuplane av mellomgolvet. Innvendig i lungone finn vi bronkietreet, som inneheld mange millionar lungeblæror (alveolar) og er ansvarlig for avsetninga av karbondioksid frå blodet og tilførselen av oksygen til blodet — ein prosess som er absolutt nødvendig for stoffskiftet.

Lungone kan hevdast å vara eit parti av den indre kroppsoverflata der luft kan komma inn og ut. Dei er forma slik at det området som står for luftskiftet utgjer et areal på kring 80 kvadratmeter i eit vakse menneske. I ei rekkje dyr er lungone enda større i forhold til kroppen, spesielt hos sjøpattedyr og dyr som spring eller flyg ofte og dermed har behov for større lungekapasitet.

Lungone er kledd med ei tynn, gjenomsiktig bindevevshinne (pleura visceralis), som ved lungerota (hilus) fortsett over i brystskiljeveggen (som pleura parietalis). Hinna dekkjer brystholeveggen og mellomgolvet òg. Denne sekkjeliknande hinna blir kalla lungesekken og er dobbeltvegga og lufttett. Rommet mellom dei to blada (pleurablada) av lungehinna blir kalla pleurarommet og inneheld ei tynn væske som får hinnone til å klebe seg i hop. Denne ihopklistringa fører med seg at lungone må utvide seg når brystkassen aukar i volum. Ved lungerota går hovedbronkien, lungearterien, lungevena, lymfeåra og nervebanar inn og ut av lunga. I dette området finst det et antal store lymfeknutar (hilusglandlane).

Lungone er elles inndelt i såkalla lungelappar (lobi), men høgre og venstre lunge er ikkje identisk oppbygd. Hos menneske har høgre lunge tre lungelappar (over-, midt-, og underlappen) og er størst, medan den venstre berre har to (den midtre manglar) og er mindre. Lungelappane er vidare inndelt i mindre segment av bindevevsdrag.


Sjå òg

Sjukdomsrelatert

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Lunge» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.