Lunde

Frå Alnakka.net
«Lunde» i ordlista
ein lunde, lunden (dativ ått di lundåm); fleire lundar, alle lundane (dativ ått all(om) dei lundom)
lunde, lundefugl

Fratercula arctica 2 (Martin Mecnarowski).jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Alcidae
Slekt: Fratercula
Art: F. arctica
Vitskaplig namn
Fratercula arctica
(L., 1758)

Lunde (Fratercula arctica) (nyn./bm./da.; norr./islandsk/fær. lundi, sv. lunne, fi. lunni, est. lunn) eller lundefugl (nyn./bm.; sv. lunnefågel), òg stundom kalla sjøpapegøye, er ein alkefugl som er kjennspak med det fargerike nebbet sitt. Langs Norskekysten har tradisjonelt lunde, alke og ærfugl vore dei økonomisk viktigaste sjøfuglslaga.

Namn

Det norske namnet lunde, inkludert varianten lundefugl, så vel som det islandske og færøyske lundi kjem frå norrønt lundi. Ordet er innlånt i dansk som lunde og i svensk som lunne eller lunnefågel. Det finske lunni og estiske lunn er truleg lånt gjenom svensk. Det finst to hovudhypotesar om etymologien. Hjalmar Falk (1925) hevda at ordet heng ihop med nyislandsk lundir (‘kvite stripor i fjeset’), som i sin tur kjem frå norrønt lundir (‘kjøtt under ryggrada’). Adam Hyllested (2003, 2006) hevdar at ordet heller er eit norrønt lån frå samiske språk. Det generelle samiske namnet for fugl er ledtie (s.sam.), lådde (pites./lules.) el. loddi (n.sam.), som går tilbake til ei eldre samisk form *londe — jfr. kildinsamisk loann’t.

Det spesifikke ordet for lunde på nordsamisk er bovttáš, men det (tilbake-)lånte lundda[1] blir òg bruka.

Fangst

Norsk lundehund.
Foto: Andrva

Helgeland og i Lofoten veit vi at det har vore dreve jakt på lunde med hjelp av lundehund — ein spisshundtype med fleire anatomiske særtrekk som gjer at han kan klatre i temmelig olendt landskap. Dei eldste skriftlige kjeldone som nemner lundehundar er frå sist på 1500-talet. I Nordlands Trompet av Peter Dass (1647–1707) les vi:

Men Bønderne hvilke besidder den Plan, /Veed vel at antaste de Lunder med Ran, / Og det ved afrettede Hunde,
Som er udaf Danelse smidig og smaa, / Saa de kand indkrybe den ringeste Vraa / Og udtrecke levende Lunde.

Kring 1830 var det vanleg både på Lovund på Nord-Helgeland og på Røst i Lofoten at kvart hushald som dreiv med lundefangst hadde 10–12 lundehundar kvar. På Nord-Fugløya i Karlsøy kommune i Troms veit vi at nett var i bruk til lundefangst i alle fall så tidleg som i 1740. Utover mot slutten av 1800-talet tok nettfangst og andre metodar stort sett over for lundehundane lenger sør òg.

Lundefangst med fleygastengur i TrongisvágurFærøyane.
Lundefangst på VestmannaeyjarIsland.

Fotnotar

  1. «Lottit» på heimesidone til Kåfjord kommune.

Kjeldor