Ludwig van Beethoven

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 00:24 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{honom}}» til «honom»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Ludwig van Beethoven (17701827)

Ludwig van Beethoven (f. ca 16. desember 1770, d. 26. mars 1827) var ein tysk komponist i overgangen mellom klassisismen og romantikken. Han er særleg kjent for dei ni symfoniane og for klaversonatane sine, men òg blant anna for dei seine strykekvartettane, som ofte går under kallenamnet «Dei galne strykekvartettane». Beethoven blir rekna som ein av dei aller største komponistane i den europeiske klassiske musikktradisjonen gjenom tidene.

Liv og musikalsk utvikling

Beethoven vart fødd i Bonn i Tyskland og fikk den første musikkundervisninga si av den drikkfeldige far sin. Faren la tidleg merke til det store musikktalentet ått sonen sin og fikk idéen om å drive han fram som vidunderbarn etter Wolfgang Amadeus Mozart sitt mønster. Slik skulle familien tjene sårt tiltrengte pengar. Fire år gammel fikk Beethoven undervisning i fiolin- og pianospel, men denne opplæringa skal ha vore både oryddig og mangelfull.

Seinare fikk han undervisning av ein ven og kollega av faren, Pfeiffer. Han var ein dyktig musikar, men drikkfeldig òg, og undervisninga vart like skral som før. Seinare var han elev av hofforganist van der Eeden, ein gammel ven ått bestefar hans; og etterpå av etterfølgjaren hans att, Christian Neefe, som vart ein faderleg ven for Beethoven. I 1792 busette Beethoven seg i Wien og vart Joseph Haydn sin elev.

Beethoven var ikkje berre komponist; han var òg ein glimrande pianovirtuos. Komposisjonane hans vitnar om store fingerferdigheiter, og han skal ha sagt om tredje satsen av pianosonate nr. 14, den såkalla «Måneskinssonaten», at ingen vil nånsinne kunna spela han skikkeleg.

Ludwig van Beethoven sine tidlegare verk hører til wienerklassisismen og har mange fellestrekk med Wolfgang Amadeus Mozart og Joseph Haydn sine komposisjonar. Dei seinare arbeida kan seiast å utgjera ein overgang mellom wienerklassisismen og romantikken.

Beethoven leid av ei hørselsskade som vart stadig verre, og i 1818 var han heilt døv. Dét gikk hardt inn på honom, og han vurderte å ta sitt eige liv. Han fortsette likevel med å komponere. Sinnsstemninga og frustrasjonen blir sagt å ha gjort verka meir kraftfulle.

Beethoven sin musikk til Schillers «Ode an die Freude» (‘song til gleda’, frå 9. symfonien) vart i 2004 teken opp som nasjonalhymne for EU.

Verk

Soloverk

Fil:Beethoven Hammerklavier.jpg
Første sida av originalhandskriftet til Hammerklaversonaten, op. 109.

Pianosonatar

Mal:Wikiquote-en

  • Opus 2/1: Sonate nr. 1 i f-moll (1795)
  • Opus 2/2: Sonate nr. 2 i A-dur (1795)
  • Opus 2/3: Sonate nr. 3 (1795)
  • Opus 7: Sonate nr. 4 i Ess-dur (1797)
  • Opus 10/1: Sonate nr. 5 i c-moll (1798)
  • Opus 10/2: Sonate nr. 6 i F-dur (1798)
  • Opus 10, no. 3: Sonate nr. 7 i D-dur (1798)
  • Opus 13: Sonate nr. 8 i c-moll, «Pathetique» (1798)
  • Opus 14/1: Sonate nr. 9 i E-dur (1798)
  • Opus 14/2: Sonate nr. 10 i G-dur (1798)
  • Opus 22: Sonate nr. 11 i B-dur (1800)
  • Opus 26: Sonate nr. 12 i Ass-dur (1801)
  • Opus 27/1: Sonate nr. 13 in Ess-dur (1801)
  • Opus 27/2: Sonate nr. 14 i ciss-moll, «Måneskinssonaten» (1801)
  • Opus 28: Sonate nr. 15 i D-dur, «Pastoralesonaten» (1801)
  • Opus 31/1: Sonate nr. 16 i G-dur (1802)
  • Opus 31/2: Sonate nr. 17 i d-moll, «Stormen» (1802)
  • Opus 31/3: Sonate nr. 18 i Ess-dur (1802)
  • Opus 49/1: Sonate nr. 19 i g-moll (1796)
  • Opus 49/2: Sonate nr. 20 i G-dur (1796)
  • Opus 53: Sonate nr. 21 i C-dur «Waldstein» (1803)
  • Opus 54: Sonate nr. 22 i F-dur (1804)
  • Opus 57: Sonate nr. 23 i f-moll «Appassionata» (1804)
  • Opus 78: Sonate nr. 24 i Fiss-dur (1809)
  • Opus 79: Sonate nr. 25 i G-dur (1809)
  • Opus 81a: Sonate nr. 26 i Ess-dur «Les adieux/Lebewohl» (1810)
  • Opus 90: Sonate nr. 27 i e-moll (1814)
  • Opus 101: Sonate nr. 28 i A-dur (1816)
  • Opus 106: Sonate nr. 29 i B-dur «Hammerklavier»(1819)
  • Opus 109: Sonate nr. 30 i E-dur (1820)
  • Opus 110: Sonate nr. 31 i Ass-dur (1821)
  • Opus 111: Sonate nr. 32 i c-moll (1822)

Kammermusikk

Fiolin og piano

Strykekvartettar

Symfonisk musikk

Symfoniar

Overtyror

Konsertar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Ludwig van Beethoven» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.