Lofothest

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
«Lofothest» i ordlista
ein lofothest, lofothesten (dativ ått di lofothesta); fleire lofothestar, alle lofothestane (dativ ått all(om) dei lofothestom)
Lofothest frå Rødøy
Foto:Johan Rasch (1867–1944).

Lofothest var ein hestrase som haurde til i Salten, Lofoten, Vesterålen og naboområda. Lofothestane med si høgd på kring 1,20–1,30 m var mindre enn lyngshestane, og han skilte seg òg ut med det lange ragget. Dei var kjent som svært hardføre hestar. Lofothestane var enno vanlege kring midten av 1800-talet. Den visstnok siste lofothesten, som var på Yttergården under Evjen ved Saltstraumen, vart skoten i 1899. Den hesten står utstilt på Bergen Museum.