Lekkech

Frå Alnakka.net

Lekkech eller lekkach (jid. לעקעך el. לעקאַך) er det asjkenaziske namnet på honingkake. Etter asjkenazisk tradisjon serverer ein særleg lekkech på rosj hasjaná, men òg under sjabungót (vekkofesten, jødisk pinse), ḥanukká (lysfesten i desember, jødisk «jul») og purím («karneval» til minne om dronning Estér). (Ein eigen variant med maṣṣá-mjøl i staden for vanleg kveitemjøl blir stundom laga til pesaḥ.)

Oppskrifter

Skandinavisk billig «honingkake»

Etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar

 13 dl   kveitemjøl
  2 dl   sukker
  2 ts   natron
1/2 ts   ingefær
  1 ts   peppar
  3 dl   sirup
  6 dl   surmjølk

Framgangsmåte

Bland alt det törre. Spe med surmjølk og sirup. Hell i form. Steik ved ikkje for sterk varme [175° C] i * min.