Lekhá dodí

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 18. april 2020 kl. 02:21 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «vinstre» til «venstre»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Den mest bruka melodien til «Lekhá dodí» blant portugisarjødar i ein versjon frå London harmonisert av Emanuel Aguilar.

«Lekhá dodí» er ein song med tekst av Sjelomó halleví Alkabéṣ som utgjer det dramatiske vendepunktet i kabbalàt sjabbát-gudstjenesta i dei fleste synagogane i vår tid.

Norsk omsetting

Kom, kjære, og møt brura,
Sjabbát-andletet vil vi ta imot.

  1. “Hald” og “kom i hug” i éi ytring
    fekk den einaste Gud oss til å høre,
    Den Evige er éin og Namnet Hans er eitt,
    for ry, for ære og for lovprising.
  2. Kom, lat oss møte Sjabbát,
    for ho er ein brønn av velsigning;
    frå først, frå opphavet var ho förordna —
    sist i skapinga, først i tanken.
  3. Kongens heligdom, kongens by,
    ris opp frå ruinen;
    lenge nok har du sete i tåredalen —
    Han vil sikkert ha medkjensle med deg.
  4. Kle på deg æresskruden, mitt folk;
    Rist av deg og ris frå støvet,
    gjenom sonen av Jisjai frå Bet-lehem,
    kom til sjela mi og berg henne.
  5. Reis deg opp, reis deg opp,
    för lyset ditt er komme, ris og skin;
    Vakn opp, vakn opp, syng songen;
    den Eviges ære har vist seg over deg.
  6. Skjemst ikkje, og ver ikkje skuffa.
    Korför er du nedtrykt og korför rastlaus?
    Deg skal de fattige i folket mitt lite på,
    og byen skal bli bygd på sin eigen grunn.
  7. Og alle som plyndrar deg skal bli plyndra,
    de som oppslukar deg skal bli borte,
    din Gud skal gle seg over deg
    som brudgommen over brura.
  8. Til høgre og venstre skal du bre deg ut,
    og du skal ære den Evige,
    gjenom Peres-ætta
    skal vi òg juble og glede oss.
  9. Kom i fred, krona ått mannen din,
    med glede og med fryd,
    inn blant de trufaste av det utvelte folket;
    kom, brud, kom, brud.
    (Inn blant de trufaste av det utvelte folket;
    kom, brud, sjabbát fylt av ro.)