Langholmen (Aure kommune)

Frå Alnakka.net

63°10′33.42″ N 7°49′57.864″ Ø

Husa på Langholmen.
Foto:Olve Utne

Langholmen (D på Langholma) er eit fråflytta fiskevær på ei langstrekt samling av tettliggjande holmar utom Golmøya i Aure kommuneNordmør. Dei første fast busette vi veit om er registrert i kirkjebøkerne frå 1751 og framover, og dei siste fastbuande flytta frå Langholmen i 1970-åra. Været Langholmen, som opprinnelig haurde til Golmå, låg under væreigarar i Kristiansund i hundre år: under Christie-familien frå 1822 til 1910, og under Hans Christian Olaus Aass frå 1910 til 1923, da Langholmen kom på lokale hender.

Geografi

Plassering

Satellittbilde (NASA) med Langholmen markert med stjerne.

Langholmen ligg i nordenden av skjergarden lengst vest i Aure kommune. Vest-sørvest om Langholmen ligg først Oddskjera, og så SSV om dem att, Kastnotskjera. På hi sida av leida sørom Langholmen ligg den större øya Møyslåtten, og vestom henne att skjergruppa Araboltan. Vestom Araboltan og tvers over för Oddskjera ligg den litle, hestskoforma holmen Gjeva. Vestom Gjeva og Kastnotskjera er det open sjø mot Talgsjøen og Griphølen. Nordaust om Langholmen ligg det fleire småe skjer som går under namnet Spanskskjera, og austom dem att ligg Nordlangholman.

Inndeling

Eigentlig er Langholmen ei samling av holmar med smale og mesta snorrette sund mellom — der Nordre Huslangholmen og Søndre Huslangholmen på aust- og vestsida av hovudsundet med hamna og kaia inneheld dei aller fleste bygningane. Rett nordom Nordre Huslangholmen (som går over i Langholmrompå i aust) ligg Kuliberga og austom dem att Sandholman. Rett vestom Søndre Huslangholmen ligg Sørlangholmen og ymse mindre holmar og skjer.

Kuliberga er hovudsaklig ei relativt plan grunnfjellflate som er godt eigna til fiskeberg för tørking av kleppfisk. Namnet Kuliberga kan tenkjast å komma av at ein ser øya Kuli — på ganske lang avstand — derifrå. Men det er ikkje så vanlig at ein gjev namn til plassar etter fjerntliggjande utsikt. Kanskje er det ikkje orimelig å hugse på at fisk er gueliesørsamisk — og namnetydinga blir i så fall rett og slett ‘Fiskberga’ i tråd med den tradisjonelle bruken av området.

Flora

Prestkragar veks det mange av i karrige bergsprikkor på Langholmen.
Foto: Olve Utne
På Kuliberga hekkar det mange måsar.
Foto: Olve Utne

Langholmen er i all hovudsak fri för skog (2011). Buskar og tre som finst på Langholmen i dag (2011) inkluderer rogn og eine. I tillegg finst det enkelttre av asal og knyperosor så vel som edelgran. Buskane og trea finst først og fremst mellom husa, men det er òg fleire tre austom husa på Nordre Huslangholmen.

Andre plantar som er utbreidd på Langholmen inkluderer prestkraga, raud jonsokblom, tiriltunge, strandnellik, krekling, skrubbær, kvitkløver, raudkløver, surgras, strandrug og ymse slag gras.

Fauna

Mellomstore og större pattedyr finst ikkje på Langholmen. Mange måsar hekkar der — særlig i nordaust.

Næringsliv

Landbruk

Etter Folketelinga 1865 var det 15 sauer og 3 griser på Langholmen. Etter Folketelinga 1875 var det 23 sauer og 2 griser så vel som éi geit.

Fiske

Væreigarane

Eilert Christian Brodtkorb Christie (17801855) vart den første væreigaren i 1822.

I eldre tider låg Langholmen under Golmå og skal blant anna ha fungert som hjellplass og fiskberg. Første gongen Langholmen blir nemnt i offentlige dokument er ved den nye matrikkelen etter loven av 17. august 1818. Alt i 1822 vart Langholmen oppkjøpt av væreigaren Eilert Christian Brodtkorb Christie (17801855) frå Kristiansund. Etter at han dødde i 1855, fikk Wilhelm Frimann Christie skøyte på Langholmen frå arvingane i 1857. I 1899 fikk så Henning Christie skøyte på været, og han stod som eigar fram til 1910. Frå 1910 til 1923 var Hans Christian Olaus Aass i Kristiansund eigar, og i 1923 vart været selt til ein lokalperson — til Anders B. Langholm frå Bersveinstua på Langholmen.

Hus og folk

Kjeldor