Kvitkrull
Kvitkrull | ||
Kvitkrull, Cladonia stellaris Foto: Anders Wahl
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Fungi | |
Rekkje: | Ascomycota | |
Klasse: | Lecanoromycetes | |
Orden: | Lecanorales | |
Familie: | Cladoniaceae | |
Slekt: | Cladonia | |
Vitskaplig namn | ||
Cladonia stellaris
(Opiz) Pouzar & Vezda, 1971
|
Kvitkrull (Cladonia stellaris, syn. Cladonia alpestris (L.)) (bm./nyn.; sv. fönsterlav) er ein av artane i reinlav-gruppa av slekta Cladonia. Kvitkrull veks på bakkan med 5–15 cm høge podetium. Han manglar horisontaltallus. Farga er gulkvit til lysgul og han er rikt forgreina. Greinspissane pekar i alle retningar og danar tette og avrunda toppar. Kvitkrull er vanleg over heile Norge og Sverige anna enn i dei ytste kyststrøka i Norge og i Skåne lengst sør i Sverige. Kvitkrull er særleg vanleg i nordlege strøk og i barskogs- og fjellstrøk, derav det eldre vitskaplige namnet C. alpestris (Linné). Kvitkrullen veks generelt gjerne samen med lys reinlav og grå reinlav, og han er generelt vanlegare i Sør-Norge enn desse to andre reinlavartane.
Kvitkrull er viktig som næring for rein. Særleg om vinteren i Sør-Norge utgjer han ein vesentleg del av beitet. Reinen har ein sterkt tilpassa flora av mikroorganismar i fordøyelsen som gjer at han kan fordøye opptil 80-90 % av karbohydrata i laven. Kvitkrull har vore bruka som tilleggsfôr til storfe òg. Andre drøvtyggjarar enn rein kan utnytte opptil 40–50 % av karbohydratane.
Kvitkrull tek til seg fuktigheit, og i tidlegare tider vart det ofte lagt kvitkrull i vindaugskarmen eller mellom koplaglasa (jfr. det svenske namnet fönsterlav) for å trekkje til seg kondens og halde treverket tørt. Kvitkrullen har òg vorte bruka til tetting av hus. I nyare tid blir kvitkrull sanka i store mengder — særleg i Hedmark — til dekorasjonsformål, slik som midtvinterskransar og gravkransar.
Kjeldor
Krog, Hildur/Østhagen, Haavard/Tønsberg, Tor: Lavflora : norske busk- og bladlav, Oslo 1994, ISBN 82-00-41445-0
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |